Informasjon til føresette

Informasjon til føresette

Kva er det elevane skal kunne?

I tråd med Kunnskapsløftet 2020 er det eit mål å utvikle og styrke elevane sine digitale dugleikar. I opplæringslova står det: Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong (Opplæringslova §1.1). I dette ligg det mellom anna å ruste elevane til å verte kritiske og medvitne brukarar av digitale ressursar i kvardagen. I dei nye læreplanane er digitale dugleikar ein av dei fem grunnleggjande dugleikane ved sidan av lesing, skriving, rekning og munnlege dugleikar. Digitale dugleikar blir av iktplan.no delt inn i fire kategoriar:

  • Søk og kjeldevurdering

  • Produksjon og opphavsrett

  • Kommunikasjon og samhandling

  • Digital dømmekraft

Dei digitale dugleikane er tett kopla opp mot algoritmisk tenking, ein metode for problemløysing som mellom anna inneber at ein skal vere i stand til å vurdere i kva tilfelle teknologi vil vere til hjelp for å løyse eit problem, og i kva tilfelle eit problem skal løysast utan bruk av teknologi.

Digitaliseringsstrategien skal sørgje for at opplæringa legg til rette for at elevane kan få auka kunnskap innan desse områda, og han skal bidra til å utjamne ulikskapar mellom skular og klasser.

Chromebooks

Alle elevar og lærarar har Chromebooks

Chromebook er ei type datamaskin som er utvikla for å kunne gjere ting raskare og enklare. Chromebooks nyttar Chrome OS, eit operativsystem frå Google med lagring i nettskya. Ein får programvare frå Google innebygd, samt fleire lag med tryggleik. Chromebook er valt som arbeidsflate for alle i Ørstaskulen.

Kvar Chromebook blir meldt inn i domenet orstaskulen.no før ho blir teken i bruk av elevar og tilsette. Det gjer at ho vil vere administrert av kommunen sentralt, og maskinene vil vere sperra for nedlasting av appar og utvidingar. Kva som skal vere installert på maskinene blir bestemt av nettverksgruppa IKT i Ørstaskulen som består av ressurspersonar og leiinga ved skulane.

 

Låneavtale

Alle elevar må skrive under på ei låneavtale før dei får utlevert si maskin. Det er kontaktlærar som deler ut avtala og sørgjer for at ho er signert før utlevering.

 

Nullstill Chromebook

Om du får problem med Chromebooken, kan du nullstille ho.

  1. Start Chromebooken

  2. Trykk Esc + Last inn på nytt + Av og på . Hald inne alle samtidig

  3. Chromebooken vil starte på nytt og syne dette skjermbiletet. Om det ikkje kjem opp prøver du steg 2 på nytt.

  4. Trykk Ctrl + D

  5. Chromebooken vil syne følgjande beskjed: “To turn OS verification off, press Enter…” Trykk Enter

  6.  

    Chromebooken vil starte på nytt og syne følgjande beskjed: "OS Verification is turned off".

  7. Trykk mellomromtasten.

  8. Følgjande skjerm vil dukke opp og maskina vil starte på nytt: 

     

  9. Om Chromebooken er på skulen må ho koplast til SSIKT-Gjest for å kome seg på nett. Om du er heime kan ho koplast til det trådlause nettverket.

  10. Logg deg inn, og maskina er klar til bruk igjen. 

Tryggleik og personvern

Det er eleven/skulen/kommunen som eig all data som er lagra. Ørsta kommune har ein avtale med Google som sikrar at data ikkje kan utleverast til tredjepart eller nyttast av Google sjølv. Ørsta kommune har databehandlaravtale med Google som i detalj regulerer korleis Google behandlar dataa våre. Avtalen sikrar at elevens data ikkje blir indeksert og nytta til å styre annonsar eller vert utlevert til andre. Avtalen sikrar også at ein følgjer norsk lovgjeving.

Ved innføringa av Google Workspace for Education og Chromebooks er tryggleik og personvern godt teke vare på.

Sjølve brukarbehandlinga i Google Workspace for Education er automatisert. Ørsta kommune nyttar tenesta Feide (Felles identifikasjon for elevar) til å logge på. Når ein elev ligg i det skuleadministrative systemet (IST) vert det automatisk oppretta ein Feide- og Google Workspace for Education-brukar. Følgjande informasjon vert levert til Google: Namn, skule, klasse og brukarnamn. Utover dette er det automatikk som gjer at grupper endrar seg dersom ein elev til dømes bytar skule. Når ein elev sluttar, vert elevkontoen avslutta og informasjonen sletta.

Kort oppsummert gjeld følgjande:

  • Google eig ikkje dataa.
  • Google kan ikkje selje data eller dele informasjon.
  • Google lagar ikkje bruksprofilar på brukarar i Google Workspace for Education.
  • Tenestene i Google Workspace for Education vil ikkje samle eller nytte dataa til elevane i samband med reklame.

Du finn meir informasjon om tryggleik og personvern på Google sine sider.

Vi har også databehandlaravtale på alle andre tenester, og det blir utført årleg internkontroll og risikoanalyse.

Google Workspace for Education

Ørsta kommune har valt Google Workspace for Education som nettbasert kontorpakke for alle elevar og lærarar. Det betyr at dokument, rekneark, presentasjonar med meir er fullt ut nettbaserte, og at ein kan logge seg på alle typar utstyr for å arbeide. Dette gjer det enkelt å arbeide med dei same dokumenta heime og på skulen, og i tillegg kunne dele filer med andre elevar og lærarar. Ein kan også kommunisere med kvarandre via epost, chat og videokonferanse.

Dette nyttar elevane verktya til:

Classroom
  • Hente fram vekeplan og finne nyttig informasjon
  • Levere elevarbeid
  • Svare på spørsmål og diskusjonsoppgåver
  • Halde oversyn over timeplan og heimearbeid
  • Finne arbeidsoppgåver
Disk og Dokumenter

Google Disk

  • Opprette filer
  • Opprette mapper
  • Flytte filer mellom mapper
  • Dele filer og mapper med lærarar og medelevar
  • Stjernemerke mapper og filer for rask tilgang
  • Kjenne til korleis ein opprettar og nyttar Team-disk systemet


Google Dokumenter

  • Skrive eigne tekstar
  • Notere undervegs i dei ulike faga
  • Opprette samskrivingsdokument
  • Vurdere og kommentere eige og andre sitt arbeid gjennom prosessorientert skriving


Google Rekneark

  • Å leggje inn tal frå undersøkingar og lage eigne diagram
  • Få betre forståing for økonomi gjennom arbeid med budsjett og rekneskap
  • Utføre statistiske utrekningar
  • Framstille statistisk informasjon grafisk
  • Betre forståinga si for økonomi gjennom arbeid med budsjett og rekneskap

 

Google Presentasjoner

  • Lage og halde presentasjonar ved bruk av samansett tekst

 

Google Skjemaer

  • Oppretting av undersøkingar
  • Handsaming av statistisk informasjon
  • Vurderingsverkty, der ein svarar på testar og oppgåver gjennom quizfunksjon
Gmail

Elevane får eiga e-postadresse, brukarnamn@orstaskulen.no, som dei kan nytte til å samarbeide med elevar, lærarar og andre aktuelle.

Hangouts Chat

Ein-til-ein-chat og gruppe-chat der deltakarar også kan dele filer og dokument med kvarandre.

Meet

Videosamtale-verkty anten med lærar eller heile klassa. Har også chat-funksjon, og det er mogleg å dele skjerm med lærar eller andre i klassa.

Kalender

Eleven kan følgje med på alle oppgåver i kalendaren. Alt frå Google Classroom blir lagt inn i Google kalender slik at eleven får påminning.

Keep

I Google keep kan eleven skrive notat, hugselister, påminningar, oppgåvelister, lage tekningar, ta lydopptak, lagre lenkjer og bilete.

Nettsteder

I Google Nettsteder kan eleven raskt lage eigne nettsider til prosjekt eller gruppearbeid.

Ofte stilte spørsmål

Er personopplysingane til barnet mitt sikra/verna?

Ja. Google Workspace for Education-kontoen til barnet ditt er oppretta av Ørsta kommune og er verna via fleire avtalar mellom Ørsta kommune og Google. Ørsta kommune er eigar av all elevdata. Les meir

Google kan ikkje selje eller dele personopplysingar som er lagra i løysinga med tredjepart.


Utfyllande informasjon:

Privacy & Security Information

The resources below are the source for answers related to common privacy & security concerns:

Kan dataa til barnet mitt bli samla, nytta og/eller analysert for reklame?

Nei. G Suite for Education-tenestene vil ikkje samle eller nytte dataa til elevane i samband med reklame.

Blir mitt barn utsett for reklame i Google Workspace for Education?

Når elevane er logga inn i Ørstaskulen sin Google Workspace for Education-konto vil dei ikkje støyte på reklame i Google Workspace for Education sine kjernetenester.

Kven skal ein kontakte om barnet mitt ikkje får logga seg inn på Google Workspace for Education?

Eleven må kontakte læraren sin som igjen vil ta kontakt med ein av ressurspersonane på skulen.

Kven skal barnet mitt eller vi som føresette kontakte for å rapportere om misbruk eller bekymring rundt bruk av Google Workspace for Education?

Ta kontakt med skulen med det same.

Kven er ansvarleg for det som blir gjort med ein Google Workspace for Education-konto knytta til Ørstaskulen?

Den einskilde elev (kontoeigar) er sjølv ansvarleg for det som blir gjort på kontoen sin. Ein Google Workspace for Education-konto må sjåast på som ei utviding av det som skjer i klasserommet og dei reglane som gjeld der. Ordensreglane gjeld også i Google Workspace for Education.

Kva skjer med det barnet mitt har lagra i Google Workspace for Education når ho/han sluttar i 10.trinn eller flyttar ut av Ørsta kommune?

Desse dataane vil etterkvart bli sletta, men før barnet ditt sluttar kan ho/han sjølv hente ut eller overføre filene/e-postane sine. Det fins to metodar for å gjere dette:
Les meir om dei her

Barnet mitt skal flytte til ein annen skule i Ørsta kommune. Kva skjer med Google Workspace for Education-kontoen?

Ho/han vil behalde kontoen. Det vil seie at både brukarnamn og passord er det same. I tillegg vil eleven behalde alt som er lagra.

Les Google sine egne ofte stilte spørsmål (på engelsk).