Informasjon til tilsette

Informasjon til tilsette

Digirådet

Her vil du finne presentasjonar og møtereferat frå nettverket: Digirådet Ørstaskulen.

Support og fjernhjelp

Om du treng hjelp med Chromebook, program eller passord kan du sende inn ei supportsak.
Førespurnaden vil gå til ressursperson på skulen og IKT-ansvarleg.

Adressa til nettsida er support.orstaskulen.no

 

Fjernhjelp

Om du treng hjelp kan du få hjelp via fjernstyring.
Gå inn på nettadressa fjernhjelp.orstaskulen.no. Her vel du generer kode. Når koden er generert sender du den til personen som skal hjelpe deg.
Personen går inn på same nettside og legg inn koden under [Gi hjelp]
NB! Avtal med den som skal hjelpe deg før du genererer og sender kode. Ny kode blir generert kvart 5.min.

 

 

Ofte stilte spørsmål

 

Korleis kan eg hente ut data frå min orstaskulen.no konto? For å hente ut data frå Google Workspace for Education-kontoen din kan du følgje denne oppskrifta.

Videokurs

På nettsida videokurs har vi samla instruksjonsvideoar på program som blir nytta i Ørstaskulen. Nettsida er for lærarar, men kan også nyttast av elevar.
Alle som ynskjer å bidra kan sende inn videoar via nettsida.

Adressa til nettsida er videokurs.orstaskulen.no

To-faktor

Alle tilsette må ha to-faktor autentisering i Google Workspace for Education og Feide. Du vil ikkje kunne logge deg inn utan.

 

Google Workspace for Education
Følg instruksjonen her
 

Feide

For å aktivere to-faktorpålogging i Feide må du ta kontakt med administrasjonen på skulen din.
Last ned appen Google Authenticator på telefonen før du tek kontakt. Lenkjer: Android / IOS

 

Pedagogiske program

All pedagogisk programvare er samla på ei nettside.

Adressa til nettsida er ped.orstaskulen.no

Nettsida ligg også lett tilgjengeleg på alle Chromebooks med eige ikon på hylla.

Profesjonsfagleg digital kompetanse

I perioden 2019-2021 har alle lærarar i Ørstaskulen fått tilbod om til saman 10 studieopoeng i profesjonsfagleg digital kompetanse i samarbeid med Høgskulen i Volda. Under finn du lenkje til rammeverket, og ein film som presenterer kort kva PfDK er.

Lenkje til rammeverket.