Praktisk informasjon
Vikemarka SFO har 79 born fordelt på tre basar: 1.trinn og 2.trinn brukar klasseromma, medan 3. og 4. trinn delar base.
SFO gir tilbod til elevar fra 1. til 4.trinn og til elevar med særskilde behov frå 1.-7.trinn.
Vikemarka SFO opnar kl. 07.15 og stenger kl.16.15.
SFO er stengt jul, påske og juli. Ferietilbod i august, haustferie og juni blir på Vikemarka skule, medan ferietilbod i vinterferien blir på Hovden skule.
SFO deltek på kommunen sine planleggingsdagar i august.
Tilsette
Koordinator: Janne Kristin Aamaas Solhaug
Miljørettleiar: Jan Åge Steinnes
Morgon
SFO opnar kl 7.15. Vi serverer frukost frå kl 7.30 - kl 8.30.
Barna får smørje sin eigen mat. Her kan barna også spele spel, teikne, bygge lego eller halde på med andre rolege aktivitetar.
Kl. 08.45 ryddar vi, og elevane går til klasseromma sine.
Skuledagen startar kl 9.00
Ettermiddag
Vikemarka SFO har lokale i sambruk med skulen og er møblert med tanke på dette.
SFO startar kl 13.45 og stengjer kl 16.15
På SFO skal det vere rom for leik og læring, fysisk aktivitet, ro og kvile. Periodeplanar vil bli sendt heim.
SFO har også tilgang til skulen sine spesialrom som gymsal, sløydsal, bibliotek og skulekjøkken.
Plasstilbod
Tidspunkt for gratis-plass
Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 16.10.
Prisar, ferie-SFO og meir informasjon om SFO