Skuleskyss er ei fylkeskommunal oppgåve, les meir om ordninga på mrfylke.no.
Kommunalt skuleskyssreglement
I tillegg til den fylkeskommunale ordninga fins det i Ørsta eit kommunalt skuleskyssreglement, som opnar for skyss for elevar med kortare skuleveg enn 4 km. I hovudsak gjeld dette på trafikk- eller rasfarlege strekningar.
Du kan bruke avstandsberekninga til Møre og Romsdal fylke for utrekning av avstand mellom bustad og skule. Tenesta er meint å vere til hjelp for elevar, skular og andre for å finne ut om ein elev kan ha rett til skuleskyss. Avstandsberekninga er ikkje juridisk bindande.
Når det kjem søknadar som ikkje fell inn under nemnde regelverk, er det i Ørsta delegert til kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering å imøtekome eller avslå desse. Statsforvaltaren er ankeinstans.
Elevar med skyssrett som mottek plass i SFO får som hovudregel ikkje tildelt busskort. Dersom eleven likevel ynskjer å nytte skyssretten sin, skal dette meldast skriftleg til skulen. Meldinga vert vidareformidla til transportør og eleven får tildelt busskort i samsvar med innmeldte behov.