Frå 1. august 2021 skal ingen hushald betale meir enn 6% av inntekta si for ein SFO plass for born på 1. og 4. årstrinn.
Opplæringslova om Skolefritidsordninga
Utdrag frå forskrift til opplæringslova kapittel 1B. Skolefritidsordninga:
§ 1B-1. Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1–4. årstrinn
Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1.–4. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:
a) | foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller |
b) | det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet. |
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.
Betaling for kost kan komme i tillegg.
§ 1B-2. Søknadsbehandlinga til kommunen i saker om reduksjon av foreldrebetaling
Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.
Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.
Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.
Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.
Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.