Asfaltering ved Velle skule måndag og tysdag

Måndag 28. april og tysdag 29. april skal det leggast asfalt på uteområde ved Velle skule. Desse dagane vert det auka anleggstrafikk, og gangvegen frå Holmegata vert stengt for ferdsle. 

Mjuke trafikkantar må difor gå via Anders Hovden-gata. Vi oppmodar dei som må køyre born til skulen om å nytte p-plassane i Holmegata og ved kulturhuset og eventuelt følgje borna siste stykket. 

«Rundkøyringa» ved nyebygget på Velle skule er beregna på HC-tilkomst og varelevering og kan ikkje nyttast.

Følg oss