Bompengar på private vegar

Illustrasjonsbilde Unsplash

Samfunnsutvalet vedtok 03.09.24 nye retningsliner for bompengar på private vegar. Retningslina er rettleiande for administrasjonen si handsaming av einskildsaker etter veglova § 56.

Maksimalsatsane vart auka for alle takstgruppene og er no på inntil 70 kr for dei lengste vegane. 

Aktuelle veglag kan no søkje kommunen om løyve til innkrevjing av bompengar i samsvar med dei nye retningslinene.
 

Retningsline for bompengar på private vegar 2024

Retningsliner og satsar for bompengar på private vegar som grunnlag for handsaming av enkeltsøknader, med heimel i veglova § 56. 

Etter skriftleg søknad kan det gjevast løyve til å krevje bompengar for ferdsel med motorkøyretøy på private bilvegar innanfor følgjande rammer: 

1.

  1. Vegar under 4 km som har lita eller inga stigning. 
    kr 30,- for bil og traktor 
    kr 20,- for motorsykkel og moped 
  2. Vegar mellom 2 og 4 km som har ei stigning på minst 10 % i delar av vegen på til saman 500 m, og vegar mellom 4 og 8 km, som har lita eller inga stigning. 
    kr 50,- for bil og traktor 
    kr 30,- for motorsykkel og moped
  3. Vegar over 4 km som har ei stigning på minst 10 % i delar av vegen på til saman 500 m, og vegar over 8 km som har lita eller inga stigning. 
    kr 70,- for bil og traktor 
    kr 40,- for motorsykkel og moped
  4. Årskort kan utgjere maksimum 2000 % av ein enkeltbillett i kvar takstsone. a: kr 600,- b: kr 1000,- c: kr 1400,-

 

2. Der det vert gjeve løyve til å krevje bompengar, bør det også gjevast løyve til å krevje tilleggsavgift frå eigaren av køyretøy som ikkje betalar bompengar med inntil kr 400,-. 

3. I område der det på bakgrunn av vilt-, frilufts- eller miljøfaglege vurderingar ikkje er ønskjeleg med slik motorisert ferdsel, bør det ikkje gjevast løyve til å krevje bompengar. 

4. Desse retningslinene erstattar tilsvarande retningsliner vedteke i Samfunnsutvalet i 2015.

Kontakt

Magnar Selbervik miljøvernrådgjevar
48166679
@ Magnar Selbervik

Følg oss