I kommunen er Kempespringfrø eit problem og Statsforvaltaren har ikkje middel til å gjennomføre tiltak i alle områda. Arten kan spreie seg raskt og utkonkurrere lokale planteartar. I enkelte område kan planten bli så dominerande at han fortrengjer den naturlege vegetasjonen.
Kva kan du gjere?
No oppmodar kommunen innbyggjarane om å hjelpe til med å avgrense spreiinga.
For å hindre at planten spreier seg vidare er det viktig å:
- Luke plantene før dei blomstrar.
- Ikkje legg planterestar i kontakt med jord eller vatn, sidan plantane kan overleve og etablere seg på nye stader.
- Starte arbeidet øvst i vassdraget og arbeide nedover.
Planter og planterester frå framande arter skal leveres på godkjent mottak. På dei fleste gjenvinningsstasjonar har dei ein eigen container der det blir lager før det blir levert til forbrenning.
Éin blomst kan gi tusenvis av frø
Kjempespringfrø produserer store mengder frø. Éin blomst kan gi opptil 4 000 frø som kan spire og etablere nye plantar.
Difor er det viktig å fjerne plantane før dei set frø. Tidleg innsats kan bidra til å redusere spreiinga og ta vare på det lokale naturmangfaldet.
Saman kan vi hindre vidare spreiing av kjempespringfrø i Ørsta.
Les meir om fleire aggressive framandartar som Tromsøpalme, Kjempebjørnekjeks, Parkslirekne, Kjempeslirekne, Hybridslirekne, Legepestrot og Fagerfredløs.
