Innan Helse, omsorg og velferd har vi fire tenesteområder:
- Omsorg og sjukeheim
- Bu og habilitering
- Heimetenester
- Helse, tildeling og koordinering
Arbeidsoppgåver
Som kommunalsjef vil du ha ansvar for å:
- Utvikle og implementere strategiar for å auke den økonomiske stabiliteten i kommunen.
- Leie, støtte og engasjere medarbeidarar gjennom omstillingar, med fokus på kvalitet og effektivitet i tenestene våre.
- Arbeide for at tenestene vi leverer har fokus på helse og meistring i alle ledd.
- Samarbeide med dei andre stabs- og kommunalsjefane for å sikre ei heilskapleg tilnærming til kommunen sine utfordringar.
- Kommunisere og forankre kommunen sine verdiar og strategiar i alle ledd av organisasjonen.
Du vil løyse desse oppgåvene på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR som eit sentralt utviklingsverktøy. Utvikling og ivaretaking av dei 10 faktorane og gode arbeidsmiljø, er ein viktig del av kommunen sitt utviklingsarbeid.
Kommunalsjefen har også ansvar for å utarbeide saker til politisk nivå og følgje opp politiske vedtak. Det er viktig at du tar ansvar for saksførebuing og bidrar til å skape gode relasjonar mellom politisk og administrativt nivå. Det vert forventa at du møter i politiske møter etter avtale med kommunedirektøren.
Meir informasjon om stillinga.
-
Er du den vi ser etter?
Søk i dag
Søknadsfrist 7. april.