Forseinka faktura på kommunale eigedomsgebyr

For deg som har månadleg fakturering kjem faktura på kommunale eigedomsgebyr seinare enn vanleg i januar.

Illustrasjonsbilde.

På grunn av endringar og oppdateringar som skal gjerast på kommunale eigedomsgebyr ved overgangen til eit nytt år, vil fakturaen for januar kome seinare enn vanleg. 

Vi jobbar med å få ut fakturaen så snart som mogleg, men den vil ikkje kome ut før tidlegast 10. januar.

NB! Forfallsdato vil likevel ikkje verte endra (forfall er 28. i kvar månad).

Følg oss