Friluftslivets år 2025

Anne Mari Sønsteby

Vi feirar Friluftslivet i år! Friluftslivets år ønske å inspirere deg til å oppdage og ta vare på din nærnatur, invitere kvarandre ut og å prøve nye friluftsaktivitetar.

Kva er Friluftslivets år?

Friluftslivets år er ei nasjonal markering som løfta fram verdien av friluftsliv for enkeltpersonar og samfunnet. Året vert arrangert kvart tiande år og er eit samarbeid mellom friluftsorganisasjonane, kommunar, skular, frivillige og styresmakter. Det er Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for dei 19 store frivillige friluftsorganisasjonane, som leiar arbeidet.

Friluftsliv er den fremste fritidsaktiviteten i Noreg, og har noko for alle uavhengig av føresetnadar og kunnskap. Samstundes finns det mange barrierar som kan hindre både barn, unge og vaksne frå å få gode opplevingar i naturen. Visjonen for 2025 er at alle skal finne si friluftsglede. Organisasjonar og lokale lag som tilbyr aktivitetar skal løftast fram, og det skal vere enkelt å finne dei. På den måten kan du bli ein del av eit miljø, og bli trygg på å vere ute i naturen. Då blir det også enklare å utforske naturen på eiga hand når du ønske det.

Kva skjer i 2025?

Opningsarrangementet «Hele Norge båler» startar no laurdag 18. januar. Tanken er at ved å samlast rundt bål kan du blir kjent med andre som ønske å vere i naturen. Vi er glade for at det er fleire opningsarrangement å delta på i Ørsta denne dagen. For informasjon om desse arrangementa sjå på aktivitetskalenderen til friluftslivets år.

Årshjul for friluftslivets år syner fleire arrangement som vi blir å samlast om nasjonalt.

Årshjul for Friluftslivets år - Klikk for stort bileteÅrshjul for Friluftslivets år

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss