Jordkartlegging i kommunen

Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som skal utføre kartlegging på fulldyrka og overflatedyrka jord i perioden 26. april til 9. mai.

NIBIO har det nasjonale ansvaret for stadfesting og dokumentasjon av eigenskapane til jordsmonnet på fulldyrka og overflatedyrka jord.

Dei grunneigarane det gjeld vil bli varsla direkte. Kartet under viser kva jordareal som blir tatt prøve av. Last ned kartet her for å kunne zoome meir inn eller sjå liste over grunneigedomane.

Kart over kartleggingsareal Ørsta. NIBIO

Personar i gule vestar

Jordkartlegging er eit manuelt arbeid med bruk av enkle reiskapar. Arbeidet går føre seg til fots med bruk av jordbor. Jordkartlegginga vil ikkje påverka jordbruksdrifta av areala.

Jordkartleggarane er ikledd gule refleksvestar. I nokre tilfelle kan det bli behov for å parkerer på privat eigedom i nokre timar medan arbeidet blir utført (kontaktinformasjon er synleg plassert i frontruta). Ved behov for parkering på tun prøver jordkartleggaren å kontakte grunneigar. 

Kva må du gjere som grunneigar

Det er stor etterspurnad etter jordkartlegging i Noreg. Dette arbeidet skjer éin gong og vert utført kommunevis. Kommunen vil informere alle berørte grunneigarar direkte om jordkartlegginga. Det er om lag 700 grunneigarar som vert varsla, men det er færre eigedomar som er berørt sidan nokre av eigedomane har fleire eigarar.

Om ingen seier nei til jordkartlegging og det ikkje er funne jordbuande skadegjerarar, vil kartlegginga utførast uavhengig av eigedomsgrenser og utan at utstyr vert vaska mellom ulike eigedomar.

Om du er tatt ut til kartlegginga:

Dersom du ikkje har noko imot at NIBIO kjem å tar ei jordprøve, og du ikkje kjenner til at der er jordbuande skadegjerarar – treng du ikkje gjere noko. 

  • Om du ikkje vil ha jordkartlegging på din eigedom, må du fylle ut dette skjemaet innan fredag 4. april. Om du gjere dette, kan du ikkje ombestemme deg seinare og be om jordkartlegging eit anna år. Det nasjonale jordkartleggingsprogrammet har ikkje ressursar til å kartlegge enkeltgardar utanom den planlagde kommunevise kartlegginga.
  • Om har funne jordbuande skadegjerarar, må du varsle kommunen innan 4. april, det gjere du i same skjemaet.

Resultat

Resultata frå jordkartlegginga blir publiserte som temakart på Kilden (kilden.nibio.no), ein av NIBIOs kartløysingar. Temakart frå jordkartlegginga gir grunnlag for kunnskapsbaserte avgjerder om bruk av jordressursen, men kartlegginga endrar ikkje på vedteken arealbruk i kommuneplan/reguleringsplan. Karta blir brukte av næringa sjølv, offentleg forvaltning, rådgivingstenesta, konsulentar og forskarar.

NIBIO ser fram til å undersøkje jordsmonnet i Ørsta kommune, og får å få ei god kartlegging av eit område er det viktig at jordkartleggarane får høve til å ta mange nok prøvestikk. Vi håpar difor at grunneigarane stiller seg positive til dette.

Meir informasjon

 

 

Jordkartlegger studerer jorda i jordboret. Siri Svendgård-Stokke (NIBIO)

Følg oss