Kurs i mestring av belastning

Tenesta for psykisk helse i Ørsta kommune arrangerer Kurs i Mestring av Belastning (KiB).

Kven er kurset for?

Kurs i Meistring av Belastning – KiB, er utarbeidd for personar som ønskjer å betre evna til å meistre belastningar i arbeidsliv og privatliv. Målgruppa er derfor alle som har ei form for belastning som medfører at dei ønskjer/vil ha nytte av å utvikle si meistringsevne.

Kva som blir opplevd som belastning er individuelt.

Belastningar som er så omfattande, at ein ikkje er i stand til å meistre dei på ein måte som ein sjølv opplever som akseptabel, kan gi stressreaksjonar.

Desse reaksjonane kan vere:

  1. Emosjonelle: fråvær av humor og glede, engstelse/uro, irritabilitet, nedstemtheit
  2. Fysiske: uro, mindre energi, meir slitenheit, søvnproblem, hovudverk, muskelsmerter eller mageproblem
  3. Kognitive: bekymringstankar, gløymsle, vanskar med å konsentrere seg, tankar om eigne manglar/eigen utilstrekkelegheit, håpløyse og pessimisme

Kurset blir leia av trente og godkjende kursleiarar. Kurset går over 10 gonger, kvar samling på 2,5 timar per veke. Det er vanlegvis 8–14 deltakarar på kvart kurs. Kursboka, Kurs i meistring av Belastning, er obligatorisk, og blir brukt aktivt gjennom heile kurset.

Tid og stad

Kurset startar 17. oktober, og har vidare kursdatoar  24. okt, 31. okt, 7. nov, 14. nov, 21. nov, 28. nov, 5. des, 19. des., 16. januar 25.

Tid: Kl. 12.00–14.30

Stad: Klasserom i Ørstahallen

Pris

Kursavgift: kroner 650, betalast første kursdag/forsamtale og dekker kursmateriell.

Påmelding og informasjon

Påmeldingsfrist: 19. september.

For nærmere informasjon og/eller påmelding kan du ta kontakt med kursleiarane:

Ingvill Korsfur Ose, tlf. 952 97 832
Janita Sporstøl Krøvel, tlf 416 22 847

Om kurset

Målet med kurset: Å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belastning knytt til arbeids- og privatliv. Med meistring meinast det ein gjer for å handtere belastninga.

Kva går kurset ut på? Dette kurset er basert på forståinga av samanhengen mellom belastning, meistring og stress. Det blir jobba med å kartleggje eigne belastningar, og eigen meistrings- og tankestil. På kurset blir det nytta kognitiv teori og metodar, og øvingar er ein viktig del av kurset.

Sjå meir informasjon om Kurs i Mestring av Belastning (KiB) på hjemmesida til Rådet for Psykisk Helse, www.psykiskhelse.no
 


 

Følg oss