Minnesmarkering for H.M. Kong Harald

Minnesmarkering for H.M. Kong Harald

Ordføraren hold minnetale for kongen. Ingvild Marie Taraldset

Ordførar og formannskapet la ned krans ved bautaen på kyrkjebakken til minne om kong Harald sin bortgang før formannskapet tysdag 1. september.

Minneord frå ordførar

I dag står vi saman i sorg over bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er gått bort.

På vegner av Ørsta kommune vil eg uttrykkje djup medkjensle og sende varme tankar til kongefamilien og til alle som no kjenner på sorg og sakn.

Kong Harald har vore ein del av livet til fleire generasjonar nordmenn. I over 35 år har han hatt det fremste embetet i landet vårt. Han gjorde det med ein kombinasjon av verdigheit og varme, alvor og humor, pliktkjensle og menneskeleg nærleik.

For mange av oss har kongen vore ein trygg del av det norske samfunnet. Han har representert kontinuitet i ei tid då mykje anna har vore i endring. Han har vore med oss i høgtid og fest, men og i tider prega av sorg, uro og nasjonale prøvingar.

Det var noko særmerkt ved Kong Harald si evne til å vere konge for heile folket. Han møtte menneske med respekt, uavhengig av kven dei var eller kvar dei kom frå. Han hadde eit sterkt engasjement for friluftsliv, idrett og det norske fellesskapet, og ei særleg evne til å formidle det som bind oss saman.

Her på Sunnmøre har vi fått kjenne kongen støtte då han stod i lag med oss etter at nyttårsorkanen råka i 1992. Men kongen og kongefamilien har og vore her i festlege lag. Dei har lagt store og viktige arrangement til fylket vårt, og hotellet på Øye har dei vore innom ved fleire høve.

I dag tek vi farvel med ein konge som har vore ein trygg og samlande skikkelse gjennom store delar av vår levetid. Samstundes går landet vårt inn i ei ny tid med ein ny konge. Vi ønskjer Kong Haakon den VIII styrke og lukke til med den viktige oppgåva som no ligg framfor han.

På vegner av innbyggjarane i Ørsta kommune:

Takk, Kong Harald, for eit langt liv i teneste for Noreg.

Takk for den tryggleiken og den samlande krafta du har representert.

Og takk for alle dei gode minna du etterlet deg hjå det norske folket.

Vi lyser fred over Kong Harald V sitt minne.

Kongen er død, leve kongen.

Kondolanseprotokoll 

Kondolanseprotokoll finn du på servicekontoret på rådhuset, Hjørundfjordheimen, Vartdal helsetun og i Ørsta kyrkje.

Ørsta kyrkje held ope heile veka.

Ordføraren står framfor bautaen, det ligg ein krans og blomar framom han. - Klikk for stort bileteOrdførar la krans ved bautaen. Ingvild Marie Taraldset Medlemma i formanskapet står på rekke og minnast kongen. - Klikk for stort bileteFormannskapet. Ingvild Marie Taraldset Blomster på bautaen. - Klikk for stort bileteBlomster på bautaen. Ingvild Marie Taraldset Presten står framfor bautaen. - Klikk for stort bileteØrsta kyrkje held opne heile veka. Ingvild Marie Taraldset Blomekrans. - Klikk for stort bileteKransen og mange blomar som er lagt på bautaen ved kyrkjebakken i Ørsta. Ingvild Marie Taraldset