I år har vi valt å rette merksemda mot to ulike verksemder som kvar for seg har vist eit sterkt engasjement for næringsutvikling og verdiskaping, men som også representerer noko større saman.
Hotel Union Øye og Samundegarden ved Odd Bjarne Bjørdal representerer kvar for seg sterke prestasjonar og eit stort engasjement for næringslivet i regionen. Samstundes viser dei korleis lokal matproduksjon og reiseliv kan utfylle og styrkje kvarandre.
Når reiselivsverksemder satsar på lokale råvarer og gode matopplevingar, skaper det nye marknader for produsentane. Når lokalmatprodusentane utviklar produkt med høg kvalitet og lokal identitet, styrkjer det reiselivsopplevingane og gjer regionen meir attraktiv.
Full grunngjeving vert gitt i samband med utdelinga av prisen i kommunestyremøte 10. desember.
Vi gratulerar vinnarane!