Nytt samtaletilbod for deg som treng nokon å snakke med

Nytt samtaletilbod for deg som treng nokon å snakke med

Bilde av ein person som set å fortel noko i ein samtale med ein annan person. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Adobe stock

Ørsta kommune har starta opp eit nytt lågterskeltilbod til innbyggjarar som ønskjer støtte i kvardagen. PRAT er ei gratis støttesamtaleordning i regi av tenesta for psykisk helse og rus.

Drop-in tilbodet er for deg som opplever kvardagen som vanskeleg, er bekymra eller nedstemt, eller ønskjer ein samtalepartnar. Her kan du snakke med ein fagperson, utan tilvising.

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet gjeld for deg som:

  • ikkje har anna kommunal oppfølging
  • ikkje er under behandling i spesialisthelsetenesta
  • er mellom 18 og 65 år
  • bur i Ørsta kommune
  • kan kommunisere på norsk eller engelsk

Praktisk informasjon

  • Drop-in støttesamtale med varigheit på 45 minutt
  • Gratis tilbod
  • Kvar tysdag og torsdag klokka 11.00–15.00
  • Ring Amir Muric for å avtale time: 906 45 199