Ope møte om 17. mai i Ørsta sentrumFolketoget i gågata 17. mai 2024. Ingvild Marie Taraldset Kommunen i lag med levekårsutvalet inviterer til eit ope dialogmøte med føremål å finne fram til korleis vi kan organisere 17. mai-feiring i 2025 i Ørsta sentrum, og finne ein organisasjonsmodell som kan fungere i åra framover. Alle som har ei meinig om dette, og ønskjer å bidra til konstruktive løysingar, er velkomne.Organisering av 17. mai- feiring i Ørsta sentrum var sak i Levekårsutvalet i desember. I vedtaket vert FAU ved Velle skule oppmoda om å ta på seg organiseringa, og det er ønskjeleg at frivillige organisasjonar bidreg. I etterkant har det kome inn fleire innspel til korleis feiringa kan organiserast. Dato: Tysdag 14. januarKlokka: 18.00–20.00Stad: Ørstahallen, 2. etg.