Oppdatering 14.07.23: Vegen er no opna for normal ferdsel
Trykk for større bilde.
Anleggsarbeidet for ny kulvert i Vollagjølet i Bakkevegen er avslutta og vegen er no opna for normal ferdsel.
Tidlegare melding:
Ørsta kommune må skifte kulvert gjennom Bakkevegen ned mot E-39 i Vollagjølet.
Det er rekna med at arbeidet vil vare i ca 2–3 veker, frå onsdag 14. juni.
Dagens kulvert har store rustskader og står i fare for å kollapse dersom ein ikkje skiftar den ut raskt. Dette er ein omfattande jobb då kulverten ligger djupt og i dårlege masser. Anleggsområdet vil bli gjerda inne og det vert ikkje mulig med verken bil eller gangtrafikk gjennom området medan arbeidet pågår.
Publisert av Ingvild Marie Taraldset
Publisert 14.07.2023 21:19