Kva er ein tilvisingsavtale?
Ein tilvisingsavtale er eit samarbeid mellom Ørsta kommune og profesjonelle utleigeaktørar. Ein slik avtale gjev kommunen rett til å disponere inntil 40% av alle bustadane i eit prosjekt i 20 år, medan utbyggar står fritt til å leige ut dei gjenværande bustadane på den ordinære marknaden.
I små prosjekt med fire bustadar eller færre, har kommunen tilvisingsrett for alle bustadane. I bustadsameige kan kommunen få tilvising på inntil 10% av bustadane etter eigarseksjonslova.
Ein tilvisingsavtale gjev Ørsta kommune rett til å tilvise bustadsøkarar for leige av bustadane som er omfatta av avtalen. Deretter er det utbyggar/utleigar som inngår leigekontrakt med den enkelte bustadsøkar. Kommunen er ikkje part i leigeforholdet, men inngår ein samarbeidsavtale med utbyggar som mellom anna regulerer det løpande samarbeidet og forvaltninga av bustadane.
Dersom kommunen ikkje har behov for ein bustad, kan bustaden leigast ut på den opne marknaden i høve fristar som er gjeve i avtalen.
Bustadane vil vere eit supplement til kommunen sine eigne utleigebustadar.
Ein tilvisingsavtale gjev utbyggar tilgang til gunstig lånefinansiering gjennom Husbanken. Lånet kan nyttast til å bygge, kjøpe eller bygge om eksisterande bygg til utleigeformål. Les meir om dette under punktet «Vilkår og lånetilbod frå Husbanken».
Målgruppe for utleigebustadar med tilvisingsavtale
Målgruppa er bustadsøkarar som av ulike årsaker fell utanfor den ordinære bustadmarknaden.
Personar og familiar som får tilvist bustad gjennom kommunen vil ha sjølvstendig buevne, og vil ved behov få oppfølging frå kommunen på lik line med andre innbyggarar.
Bustadbehov og kriteria
Ørsta kommune har behov for bustadar med varierande størrelse og tal rom. Bustadane skal ha ein kvalitet og standard som samsvarer med Husbanken sine bestemmingar og krav (TEK17). Bustadane skal ha god standard og ligge i bumiljø der det er godt å bu.
Livsløpsstandard og trinnfri åtkomst til bueiningane er eit krav.
Base for kommunale tenester kan vere eit ønskje i større prosjekt.
- 10 stk 1- roms bustad på ca 25 kvm, unntak frå krav om livsløpsstandard
- 10 stk 2-roms bustad på ca 50 kvm
- 5 stk 3-roms bustad på ca 75 kvm
- 5 stk 4-roms bustad på ca 100 kvm
Eit prosjekt må levere alle eller delar av bustadane vi etterspør. Dette må spesifiserast i søknaden.
Bustadane si plassering
Ein ønskjer at bustadane skal vere i gangavstand til matvarebutikk, offentlege og private servicefunksjonar og offentleg transporttilbod. Ein vektlegg at det ikkje er bratt / store høgdeforskjellar mellom bustadane og sentrumsfunksjonar.
Bustadane skal ligge i bumiljø der det er godt å bu.
Tilbydarar kan tilby fleire bueiningar i fleire prosjekt, og må sjølv disponere/skaffe tomt til prosjekta.
Vilkår og lånetilbod frå Husbanken
Husbanken sitt lån til utleigebustadar med tilvisingsavtale kan dekke maksimalt 85% av marknadsverdi, ha avdragstid på inntil 50 år og moglegheit til å binde renta i inntil 20 år. Utbyggar finn meir informasjon om lån og tilvisingsavtalar på Husbanken sine sider.
Les meir om Husbanken sine vilkår her: Lån til utleieboliger for bransjeaktører - Husbanken
Vurderingsvilkår
- Bustadkvalitet
- Livsløpsstandard og trinnfri åtkomst
- Bumiljøkvalitet og plassering
- Gangavstand til matvarebutikk, offentlege og private servicefunksjonar og offentleg transporttilbod
- Nærleik til skule/barnehage
- Plan for uteområde og/eller fellesareal
- Husleigenivå
- Framdriftsplan og stipulert ferdigstillingsdato for prosjektet
Legg ved følgjande dokumentasjon
- Situasjonsplan for prosjektet
- Plan-, snitt- og fasadeteikningar av prosjektet om dette ligg føre
All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.
-
Ønskjer du å søke?
Søknadskjema
Dersom du har fleire prosjekt, ber vi deg å sende eitt skjema per prosjekt.
Søknadsfrist er 12. juni 2025.
Utlysing av tilvisingsavtalar kjem ikkje under regelverket om offentleg innkjøp.
Ørsta kommune vil i første omgang inngå ei 1-årig intensjonsavtale med aktuelle, seriøse og langsiktige utbyggjarar/utleigarar. Deretter inngår kommunen tilvisingsavtaler med dei aktørane som leverer dei beste prosjekta.
Ørsta kommune har rett til å avvise prosjekt, og eventuelle avtalepartar må godta standard avtalevilkår.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Irene Graskopf på e-post: irene.graskopf@orsta.kommune.no
Merk e-posten med “Tilvisingsavtale” og namn på utbyggar.