Prosjektet skal samle vidaregåande skule, kulturhus, bibliotek, kino og kulturskule i eitt felles bygg midt i Ørsta sentrum, og blir eit av dei største utviklingsprosjekta i regionen dei komande åra.
– Dette er eit viktig steg frå plan til realisering. No inviterer vi marknaden til å konkurrere om eit prosjekt som vil få stor betydning både for utdanning, kultur og sentrumsutvikling i Ørsta, seier Yngve Solemdal, prosjektleiar for Ørsta KKS.
Konkurransen gjeld ei totalentreprise for både prosjektering og bygging av det om lag 13 500 kvadratmeter store bygget. Anbodsfristen er sett til 2. oktober 2026.
Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Ørsta kommune, og byggjer på eit forprosjekt som vart politisk godkjent våren 2026. Løysingane legg vekt på sambruk, universell utforming og effektiv arealbruk.
– Vi forventar stor interesse. Dette er eit prosjekt som både skal gi moderne læringsarenaer og vere ein open møteplass for innbyggjarane, seier prosjektleiar Yngve Solemdal.
Store nytteverdiar
For Ørsta-samfunnet vil ny vidaregåande skule i same bygg som det nye kulturhuset i Ørsta gje store nytteverdiar innan utdanning, arbeidsliv, kulturliv, næring og sentrumsutvikling i eit generasjonsperspektiv.
Planlagd byggestart er november/desember 2026.
Relevante artiklar