Send inn forslag til Årets eldsjel 2024

No kan du sende inn namn på personar eller lag du meiner fortener ei spesiell merksemd for innsatsen dei har gjort for lokalsamfunnet!

For å utvikle Ørsta er det viktig å ta vare på og støtte opp under alle initiativ og krefter som bidrar positivt. Prisen "årets eldsjel" skal synleggjere enkeltpersonar eller lag sin innsats for fellesskapet. 

Det er mange engasjerte enkeltpersonar og lag som legg ned ein stor innsats i alle delar av kommunen for å gjere lokalsamfunna trygge, aktive og attraktive. Små og store bidrag utgjer til saman ei positiv utvikling for lokalsamfunnet. Eldsjeler finst i alle område i samfunnet. Eldsjel-prisen skal synleggjere enkeltpersonar sin spesielle innsats og motivere andre til vidare innsats.

Kriterier

Kriterie for tildelinga:

  • Må ha gjort ein frivillig innsats over tid, som har hatt positive verknader for heile/del av Ørsta
  • Vere busett i Ørsta kommune og vere ein god representant for Ørsta
  • Eit forbilde for andre, ein som gjer det vesle ekstra og gjer ein skilnad
  • Må vere pådrivar for utvikling, sunne lokalmiljø og ein inkluderande kultur
  • Gjenspegle flest mogleg av verdiane til kommunen; tillit, energi, løysingsvilje og utvikling - spesielt glede og entusiasme

Prisen skal tildelast ein enkeltperson, lag eller organsisajon som gjer ein nyttig innsats for utvikling av lokalsamfunnet i kommunen til nytte for mange. 

Prisen skal vere:

  • ein inspirasjon for innbyggarar i heile Ørsta slik at dei kan arbeide vidare og vere til inspirasjon for andre
  • ei takk og anerkjenning til personar eller lag som har gjort ein flott innsats 


Kanskje kjenner du nokon der du er som gjer ein innsats utover det ein kan forvente, og som du synest fortener å bli gjort stas på med ein pris?

Send inn

Send forslag med kort grunngjeving til Ørsta kommune:

Digitalt skjema

om du vil sende det per brevpost, send til:
Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta – merk med saksnr. 24/6144.

Frist for innsending er 25. november.

Utdelinga

Prisen blir utdelt i kommunestyret i desember etter at ein jury har vurdert aktuelle kandidater og mottakar av prisen er utpeika. Kandidatnamn blir elles ikkje offentleggjort. 

Enkeltpersonar, lag, organisasjonar og verksemder i Ørsta kommune, kan kome med forslag til kandidatar. Tidlegare forslag vil bli vurderte. Det er ikkje høve til å søkje om å få prisen. Prispengar kan prisvinnar dele ut til eit allmennyttig formål i Ørsta.

Spørsmål? 

Kontaktperson er Per Ivar Lied.

Kontakt

Per Ivar Lied prosjektleiar
48282962
@ Per Ivar Lied

Følg oss