Slik blir sommaren barnevennleg 

Fleire i Ørsta meiner at det blir drukke for mykje alkohol når det er barn til stades. Ørsta kommune oppmodar føresette til å gjere sommaren trygg og hyggjeleg for barna ved å avgrense alkoholinntaket i ferien. For barna blir ofte påverka av alkohol før dei vaksne. 

Bilde av eit barn. - Klikk for stort bilete Av-og-til

Sommaren er ein av salstoppane hos Vinmonopolet, og feriedagane byr på fleire høve til å drikke alkohol.  
 

Samarbeider om alkovett 

Ørsta kommune er ein Av-og-til-kommune. Det vil seie at kommunen samarbeider med alkovettorganisasjonen Av-og-til om lokal alkoholførebygging. Folkehelsekoordinator Ingvild Endal er Av-og-til-koordinator i kommunen, og minner om at barna er ekstra sårbare for alkoholinntaket til føresette på ferie.

– Sommarferien er ein lang pause frå kvardagspliktene. For fleire kan terskelen for å ta seg nokre glas bli lågare, også når det er barn til stades. Det er viktig at føresette er medvitne om dette og avgrensar inntaket når dei er saman med barna, seier Av-og-til-koordinatoren.

– Ferietid er høgdepunktet for mange barn. Samtidig kan fri frå jobb og seine kveldar auke risikoen for at du byrjar å drikke tidlegare på dag, eller at du drikk meir enn du hadde tenkt. Dersom du er saman med andre vaksne, er det lurt å vere samde om kor mykje alkohol det er greit å drikke når barna er til stades.
 

Barn blir påverka før du blir det 

Ei ny undersøking som Ipsos har gjennomført på vegne av alkovettorganisasjonen Av-og-til, viser at 46 prosent av innbyggjarane i Ørsta kommune meiner at det generelt blir drukke for mykje alkohol med barn til stades. 

– Barn og alkoholrus høyrer ikkje saman. Det vaksne kan oppleve som ei positiv endring, som å le meir eller snakke litt høgare, kan gjere barna usikre og utrygge. Vi oppmodar derfor føresette til å avgrense seg til null, eitt eller maks to glas når dei er saman med barna, seier kommunikasjonssjef i Av-og-til, Eli Marie Stavlund. 

– På den måten blir ferien hyggjeleg for alle.  
 

 Seks råd for ein barnevennleg sommar  

♥ Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn

♥ Ha flest dagar utan alkohol – sjølv om du har fri

♥ Bli einig med andre vaksne om nokre reglar for alkoholbruk når det er barn til stades

♥ Det blir kjekkare for både deg og barna når du er i god form neste dag

♥ Ver spesielt medviten dersom de skal reise bort – barn kan ha eit ekstra behov for trygge vaksne i eit ukjent miljø 

♥ Hugs at barn vert påverka før du blir det.

 

Undersøking

av og til
Synest du at det generelt blir drukke for mykje alkohol når det er barn til stades?    Ørsta kommune
Intervju 91
Ja 46 %
Nei 28 %
Veit ikkje 26 %

* Ipsos har på vegne av Av-og-til gjennomført ei undersøking på web og per post med til saman nesten 6000 intervju i perioden januar–mars 2023, og tilsvarande i 2022. Det er i underkant av 3000 intervju på landsbasis og omlag 3000 intervju i utvalde Av-og-til-kommunar. I Ørsta kommune har 91 svart i 2023. 

 

Kontaktinformasjon

Eli Marie Stavlund, kommunikasjonssjef i Av-og-til
Telefon: 959 15 838
E-post: eli@avogtil.no 
 

Ingvild Endal, folkehelse- og Av-og-til-koordinator i Ørsta kommune
Telefon: 917 65 389
E-post: ingvild.endal@orsta.kommune.no

 

 

Følg oss