22 av desse var i kommunen vår. Tabellen under syner turane vi hadde i Ørsta kommune, kven som har hatt flest besøk og kor mange personar besøka er fordelt på (toppliste turmål på stikkut.no).

Sunnmøre friluftsråd har presentert Stikk UT!-statistikken, som også er å finne på www.stikkut.no. Den syner at 4,7% av innbyggjarane i Ørsta kommune har registrert turar. Tabellen under syner tal registrerte Stikk UT! turar utført av tal aktive deltakarar frå Ørsta for åra 2018 – 2022.
År
|
Registreringar
|
Aktive deltakarar
|
2022
|
12 955
|
513
|
2021
|
14 791
|
591
|
2020
|
7620
|
274
|
2019
|
2557
|
174
|
2018
|
1177
|
134
|
Totalt er det 26 289 registreringar i Ørsta av 3221 aktive, så vi får mykje besøk av Stikk UT! deltakarar frå andre kommunar.
Nokre stikkord om Stikk UT!
- Kommunen er medlem i Sunnmøre friluftsråd
- Etablerte turmål
- Tydeleg skilting
- Plass til parkering
- Gratis for deltakarane
- Turar for dei alle fleste
- Frivillige er hjørnestein
- Kartbrosjyre i posten til alle husstandar
- Nettsider og app på mobil – suksess!
Ørsta kommune ønskjer å takke den gode gjengen med frivillige som bidreg i tilrettelegginga for Stikk UT!