Permisjonsordningar

Arbeidsgjevar kan i særskilde tilfelle, og etter skriftleg søknad, gi ulike permisjonar for arbeidstakar dersom det finst heimel for det i lov- og/eller avtaleverk. Er du tilsett i Ørsta kommune, kan du søkje om permisjon under 14 dagar i visma. Foreldrepermisjon og andre permisjonar over 14 dagar brukar du eige digitale søknadskjema til.  

Avhengig av grunnlaget for permisjon, og kva lovar og avtalar som regulerer permisjonsordninga, vil permisjon vere med eller utan løn. Tilsette kan finne meir informasjon om dette i kvalitetsystemet, Compilo.