Bassenget er stengt til over jul grunna tekniske problem

Oppdatert: Eigedom melder om at dei tekniske problema er omfattande, så bassenget blir stengt til minst over jul.

Årsak er svikt i ventilasjonsanlegget og tilhøyrande kondensering.  Fukt har metta takplater som risikerer å falle ned. Tiltak blir iverksett, men det er foreløpig usikkert når bassenget vil vere klart til bruk.

Vi kjem tilbake med meir info når vi veit når vi kan opne att.

Følg oss