Kommunedirektør Wenche Solheim går av med pensjon

Kommunedirektør Wenche Solheim Arkiv Ørsta kommune

Kommunedirektøren har gitt melding til ordføraren om at ho til hausten gir seg som toppleiar i Ørsta kommune. Sjølv om 14 år er lenge i ei slik stilling, kom avgjerda overraskande på ordførar Per Are Sørheim, men han tek avgjerda til vitende.

Stillinga vert no lyst ledig og ordføraren har tru på mange kvalifiserte søkjarar. 

I samband med annonseringa har vi sjølvsagt stilt Wenche nokre spørsmål: 

Kvifor vel du å slutte som kommunedirektør? 

Det er ei tid for alt, og det er sjølvsagt med blanda kjensler at eg har teke avgjerda. Det å vere toppleiar i ei kommune er både interessant og krevjande. Det er svært givande å få ha ei slik viktig rolle, men også høgt tempo og ein konstant “beredskap". I mai blir eg 62 år og kan gå av med tidlegpensjon, så då gjer eg det. Å slutte no passar min familiesituasjon, og eg tenker at dette også er rett for arbeidsgivar. Dei treng ein kommunedirektør som er trygg på eigne krefter og som kan ta Ørsta kommune inn i ei ny tid. Eg har varsla arbeidsgivar i god tid før sluttdato 1. september, slik at ein får nok tid til å rekruttere ny kommunedirektør.  

Korleis vil du summere opp desse 14 åra? 

Ørsta kommune har hatt ei fantastisk reise og mykje positivt har skjedd, eg kjenner på stor takksemd over å ha fått vere ein del av denne. Eg hugsar godt då vi kom ut av ROBEK i 2015 og tok av “lokket på trykkokaren” (investerings-stoppen). No kunne kommunestyret igjen bestemme låneopptaka og vi kunne bygge skular og hallar, bustadar, legesenter og leikeparkar. Det viktigaste var likevel arkitektkonkurransen Europan og utarbeiding av sentrumplanen som vi no har fylgt opp med nye prosjekt, både i kommunal og privat regi. Ting tek tid, men det er viktig å følgje dei planar og strategiar som er valde i ein heilskap, dette gir resultat. Dette er viktig å hugse no når det buttar litt i mot. Ørsta kommune er ein flott kommune og vi har mykje å vere stolte av! 

Kva er planane dine framover? 

Eg skal i all fall ikkje slite ut verken solsenger eller sofa, men engasjere meg til nytte for samfunnet. Bestemte planar har eg ikkje og det er full fart kvar dag, så første tida må eg nok bruke til å «lande». Og eg kjem til å sakne den daglege kontakta med alle flotte, engasjerte og dyktige kollegane på rådhuset, og elles ute i organisasjonen. Vi har mykje god kompetanse i Ørsta kommune. Og sjølvsagt kjem eg til å sakne politikarane, og dynamikken i lokaldemokratiet. 

Følg oss