Pressemelding: Omstilling 2025

Utsikt mot Ørsta frå Nivane - Klikk for stort bilete Maria Engeseth

Ørsta kommune har vore gjennom ein periode med store investeringar, som har ført til høg lånegjeld. Spesielt i 2023 og 2024 har det vore ein kraftig auke i netto finanskostnadar, og drifta må tilpassast dei inntektene ein har. 

Auken i finanskostnader gjer at drifta i 2024 vil krevje nær kr 50 mill. av disposisjonsfondet. Fondet er ikkje stort nok til at driftsnivået frå 2024 kan vidareførast i 2025. Behovet for omstilling er erkjent både politisk og administrativt og det er sett i gong ein omstillingsprosess for å finne det som er av handlingsrom slik at ein kan redusere kostnadane og auke inntektene. Tidshorisonten her er 2032.

Fleire eldre og auke i behov for pleie- og omsorgstenester krev at desse tenestene vert styrka. Samtidig får vi færre barn og unge, noko som krev at vi må optimalisere drift av barnehage og skule.

Kommunestyret må vedta eit budsjett i økonomisk balanse for å unngå at kommunen vert meldt inn i registeret om betinga godkjenning og kontroll (ROBEK).

Arbeidet med omstilling 2025 starta medio september 2024 og har hatt ein intensiv arbeidsperiode med brei involvering av organisasjonen.

Formålet med omstillingsprosjektet har vore å identifisere potensielle tiltak for innsparingar og/eller nye inntekter for budsjettperioden 2025 til bruk i budsjettprosessen hausten 2024.

Ørsta kommune må planlegge framtidig struktur og dimensjonering av tenestene tilpassa demografiutviklinga og rammeoverføringane vi får frå staten. Reduserte rammer til drift over tid gjer at det no er nødvendig å vurdere meir drastiske tiltak for å oppnå nødvendige innsparingar. “Ostehøvelkutt” åleine er ikkje nok for å møte dei økonomiske utfordringane.

Samla inneber dette behov for tøffare prioriteringar knytt til kva kommunen kan tilby til sine innbyggjarar og kva investeringar kommunen kan gjere framover. Ørsta kommune må balansere kortsiktige behov med langsiktige mål for å unngå negative konsekvensar. Dette er ikkje ei enkel oppgåve, men det er nødvendig for å sikre at Ørsta kommune kan møte framtidige utfordringar på ein ansvarleg og berekraftig måte. Alle må vere budde på at det vil bli endringar.

Konsulentfirmaet PwC har, etter bestilling frå kommunestyret, og på bakgrunn av prosessen hausten 2024, utarbeidd eit notat til budsjetthandsaminga for 2025. Vedlagt ligg også tiltakskort utarbeidd av administrasjonen. Notatet gir ei meir detaljert skildring av utfordringsbiletet og kva tiltak som er foreslått og konsekvensar av desse. Endeleg rapport frå PwC ligg føre 10. desember.

Vedlegg til pressemeldinga:

Følg oss