Ørsta kommune har samordna opptak til 6 kommunale og 3 private barnehagar med felles søknadsfrist og elektronisk søknad.
Nye søkjarar
Foreldre som skal søke barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må søke her: Søknad om plass. Når plass er tildelt, kan de gjere endringar i Vigilo foreldreportal.
Endre plass / seie opp plass / overflytting
Vil du endre størrelsen på plass, seie opp plass eller bytte/flytte over til annan barnehage? Då loggar du inn på Vigilo foreldreportal, og sender «Ny søknad».
Slik sender du søknad i Vigilo foreldreportal (ikkje appen): Vel rett barn (om du har fleire) trykk på Meny/Siste nytt -> «Søknader» -> «Ny søknad». Vel mellom «Barnehageplass», «Endre opphaldstid i barnehage», «Oppsigelse barnehage». Fyll ut skjema og send inn.
Frist
Hovudopptak barnehage: 1. mars 2025.
Vi ber om at du les informasjon om barnehageplass før du sender inn søknad.
Nå kan eg forvente svar?
Det blir opptaksmøte 4. mars, og tilbod om plass blir sendt ut dagen etter; 5. mars.
Velkomen som søkjar til kommunale og private barnehagar i Ørsta!