Barnehageplass

Kommunen har samordna opptak med felles søknadsfrist og søknadsskjema. Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars.
 
Søknader som kjem inn etter søknadsfristen vert handsama i supplerande opptak. Søknader kan sendast inn også utanom hovudopptaket. Dersom det vert ledige plassar i løpet av barnehageåret, vert desse tildelt born som står på venteliste.

Søknad

Søke på barnehageplass gjere du her: 

​​​​Søknad om plass

Når barnet har fått tildelt plass kan du bruke Vigilo foreldreportal for å gjere endringar og finne informasjon. 


Endre eller seie opp plass
I Vigilo foreldreportal kan du:

  • Seie opp ein eksisterande plass
  • Søkje om å endre eksisterande plass/opphaldstid

Du loggar deg på med ID-porten:

Vigilo foreldreportal

Les meir om Ørsta kommune sitt oppvekst- og administrasjonssystem: Vigilo

Meir om barnehageplass:

Kven kan søkje om plass

Barn 0-5 år som er busett i kommunen:

  • Nye søkarar
  • Alle som ynskjer endring av plasstype eller overflytting til ein annan barnehage
  • Tilflyttande 
Rett til barnehageplass 

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller 1 år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. 

Dersom barnet fyller 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august.

Barn som fyller 1 år i løpet av september, oktober eller november månad har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august. 

Pris
Barnehagesatsar
År 100% 80% 70% 60% 50%
Frå 01.01.2024 3 000* 2 950 2 950 2 700 2 300
Frå 01.08.2024 2 000** 1 950 1 950 1 800 1 500

Les meir om barnehagesatsar

Redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid

Søknadar kan sendast fortløpande. 

Søknad om redusert foreldrebetaling gjeld for eit barnehageår frå. 1. august til 31. juli.  

Meir om prisar og moderasjon

Seie opp barnehageplass

For å seie opp eksisterande plass må du logge inn på vigilo.no/orsta. Vel "Søknader", "Ny søknad" og "Oppsigelse barnehage".

Oppseiingstida i kommunale barnehagar er ein månad frå den 1. i fylgjande månad.
Oppseiingstida i private barnehagar er to månader frå den 1. i fylgjande månad.
Jf. vedtektene.

Rettleiing

Dersom du treng hjelp til å legge inn søknad kan du ta kontakt med servicekontoret i kommunen tlf. 700 49 700

Klagerett

Klagefristen er 3 veker. Klaga vert handsama av kommunalsjef.
Klaga skal stilast til Ørsta kommune, Oppvekst, kultur og inkludering, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Opprettheld kommunen vedtaket, vert saka handsama i Formannskapet som klagenemnd for klientsaker og barnehageopptak for endeleg avgjerd.

 

Barnehagane i Ørsta

Kontakt

Irene Yksnøy Lianes rådgjevar barnehage
46824228
@ Irene Yksnøy Lianes