For å vurdere om eit barn treng spesialpedagogisk hjelp vert føresette rådde til å ta kontakt med pedagogisk-psykologis teneste ( PPT) saman med styrar/pedagogisk leiar i barnehagen.
Om eit barn ikkje har barnehageplass, kan ein søke informasjon om hjelp/støtte på helsestasjonen eller ta kontakt med kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering for rettleiing.
Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) skal sørge for at det blir utarbeida lovpålagte sakkunnige vurderingar. Ørsta kommune er med i eit interkommunalt samarbeid med Volda, Hareid og Ulstein om å tilby PPT, der Ulstein er vertskommune.
For meir informasjon om PPT, sjå Ulstein kommune, Interkommunalt PPT
For meir informasjon om spesialpedagogisk hjelp sjå:
«Veilederen for spesialpedagogisk hjelp»