Barn med nedsett funksjonsevne - § 37
Kommunen skal ifølge barnehagelova § 37 sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.
Kva er nedsett funksjonsevne?
Barn med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Det er barn som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Barna kan ha tapt eller fått skade på ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vere nedsett bevegelses-, syns- eller hørselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjerte- og lungesjukdom.
Ein må avgrense det mot forbigåande forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrar åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.
Kven har rett til tilrettelegging?
Foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne kan søke kommunen om tilrettelegging av tiltak som er nødvendig for at barnet skal kunne nyttiggjere seg barnehagetilbodet. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Det er ikkje nødvendig med sakkunnig vurdering frå PPT, dersom det ikkje og vert søkt om spesialpedagogisk hjelp. Kommunen skal etter søknad fatte vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne og foreldre har klagerett på vedtaket.
Kommunen si plikt til å tilrettelegge barnehagetilbodet etter barnehagelova § 37 og kommunen si økonomiske ansvar for tilrettelegging gjeld innanfor kommunegrensa. Dersom barnet går i ein barnehage utanfor bustadkommunen, har verken bustadkommunen eller vertskommunen plikt til å tilby eigna tilrettelagt barnehagetilbod.
Hensikta med tilrettelegging
Sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Ved vurdering av om tilrettelegging inneber ei uforholdsmessig byrde, skal det særleg bli lagt vekt på om tilrettelegginga har effekt for å byggje ned funksjonshemmande barrierar, dei nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga og einingane sine ressursar.
Tilrettelegginga skal bidra til at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne dra nytte av opphaldet i barnehagen. Tilskotet kan m.a. nyttast til at barnehagen har nødvendig utstyr, støtte til bygningsmessige endringar, støtte til ekstra bemanning, rettleiing eller andre tiltak. Viser til barnehagelova med forskrifter og årlege rundskriv om dette.
Organisering av tilrettelegging
Eksempel på tilrettelegging kan vere at kommunen sørger for at barnehagen har det nødvendige utstyret, gir støtte til bygningsmessige endringar, støtte til ekstra bemanning eller andre tiltak. Barnehagen må sørge for tilsetting av ekstra bemanning dersom dette blir vedtatt. Kommunens plikt til rettelegging er avgrensa til tilrettelegging som ikkje inneberer ei uforholdsmessig byrde. I slike tilfelle kan barnet eventuelt bli tilbydd plass i ein anna barnehage som har betre tilpassing.
Korleis søke - saksgang
Føresette og/eller barnehagen tar initiativ til å vurdere om det skal bli søkt om tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Styrar/pedagogisk leiar fyller ut skjema «Melding om behov styrka tiltak etter lov om barnehage etter § 37» for å vurdere behov for tilrettelagt barnehagetilbod. Skjema vert gjennomgått med føresette. Dersom det ikkje er mogleg for barnehagen å sette inn tiltak innanfor det ordinære tilbodet, informerer styrar/pedagogisk leiar om moglegheita for å søke tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Føresette søker via Ørstakommune si heimside.
Søknadskjema
For at behandlingstida skal bli så rask og effektiv som mogleg, må tilstrekkeleg dokumentasjon på barnets nedsette funksjonsevne bli lagd ved søknad Dokumentasjon kan vere frå lege, fysioterapeut, spesialisthelseteneste, PPT. Søknader blir behandla kontinuerlege.
Tilrettelegginga er ikkje utviklingsorientert, den skal kompensere for den nedsette funksjonsevna.
Meldeskjema for tilrettelegging etter § 37
Vedtak
Vedtaket blir fatta av kommunen. Vedtak blir så sendt til føresette, med kopi til barnemappa i barnehagen.
Klage
Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6150 Ørsta eller ved sikker e-post via Ørsta kommune si heimside. Dersom vedtaket blir oppretthalde, kan føresette sende klaga vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Lover og reglar
Lov om barnehage § 37