Krisesenter for Sunnmøre

Krisesenter for sunnmøre.png

Dette er eit gratis døgnope tilbod for born, kvinner og menn som er eller har vore utsett for ein eller annan form for vald. Tilboda er delt mellom mann og kvinne, og lagt til to ulike tenestestader. Tilbodet er gratis, lavterskel og for alle nasjonalitetar. Du tek direkte kontakt og treng inga tilvisning eller timeavtale. Krisesenteret svarar og gir råd på telefonen heile døgnet!

Krisesenteret si heimeside

Om tilbodet

Krisesenter for menn og krisesenter for kvinner er eit tillegg til det offentlege hjelpeapparatet i samarbeidskommunane.

  • Dagtilbod - samtale, råd, veiledning, støtte og omsorg.
  • Døgntilbud (for ei kortare periode). Vern og rådgivning, kontakt med naudsynt hjelpeapparat, støtte og omsorg, samtale.
  • Tilbod om gratis rådgivning hjå advokat

Dei to interkommunale krisesentra er eit tilbod for dei som er busett på Sunnmøre; Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Skodje, Haram, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sandøy og Sykkylven. Men andre kan også ta kontakt, så viser vi vidare til rett stad.

Dei som nyttar tenesta har krav på ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet. Kommunane skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane. 

Lovverket

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Tilbodet skal etter lova omfatte:

  1.  eit gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og
  2. eit gratis dagtilbod, og
  3. eit heilårs og heildøgns tilbod der personar kan få råd og rettleiing per telefon, og
  4. oppfølging i reetableringsfasen

Ulike typar vald

  • Fysisk vald kan vere å halde, dytte, riste, slå eller spare. Det kan også vere bruk av ulike våpen. I verste fall kan vald føre til tap av liv. 
     
  • Psykisk vald er direkte eller indirekte trugslar, degraderande og audmjukande åtferd, kontroll og isolering. 
     
  • Latent vald er ein form for psyksik vald. I denne fasen går den valdsutsette på nåler, ho/han er på vakt og ventar på valden. 
     
  • Utagerande sjalusi er sjalusi som er skremmande og krenkande, eller som vert nytta for å styre eller kontrollere andre. 
     
  • Materiell vald er valden som skjer når ting vert øydelagt i sinne for å skremme eller kontrollere deg. 
     
  • Økonomisk vald er når du vert fråteken kontroll over eiegen økonomi, og ikkje får tilgang til dine pengar. 
     
  • Seksuell vald er at du vert tvungen til seksuelle handlinger mot din vilje. Incest og valdtekt er ekstreme former for seksuell vald. 
     
  • Tvangsekteskap er når du vert nekta retten til å avgjere kven du vil gifte deg med, og vert tvungen til ekteskap.
     
  • Menneskehandel er sexhandel med kvinner, menn og born.
 

Kontakt

Sunnmøre krisesenter
70163333
@ Sunnmøre krisesenter