Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har sagt i frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.
Vi rår til at du nyttar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Om det ikkje er mogleg for deg å nytte det digitale skjemaet eller om du vil vere anonym overfor barnevernet, kan du laste ned meldingsskjema som du fyller ut og sender per post til den interkommunale barnevernstenesta. NB: Dette skjemaet må sendast i posten og ikkje via e-post.
Postadresse:
Barnevernstenesta Hareid – Sande – Ulstein – Volda – Ørsta
Volda kommune
Stormyra 2
6100 Volda