Munnmotorisk team er ei tverrfagleg gruppe samansett av spesialpedagog Heidi Gromholt, ergoterapeut Lillian Sætre, fysioterapeut Hanne Marit Myklebust og spespedkoordinator Irene Yksnøy Lianes.
Målgruppa er barn i barnehagealder, 0-5 år. Teamet arbeider både i høve enkelt barn som har vanskar, men også førebyggjande inn mot barnehagane og helsestasjon.
Meldeskjema
Brosjyre
Kartleggingsskjema
Teikn på at barnet ditt kan ha behov for trening av ansikts- og munnmotorikk:
- Sikling -utover det som er normalt i utviklinga
- Slapp ansiktsmusklatur / lite mimikk
- Vanskar med å ete, tygge og drikke
- Slapp tunge
- Ustabil kjeve
- Open munn ved kvile
- Vanskar med å produsere lydar, uttalevanskar
Korleis arbeider teamet?
- Etter melding: observasjon og kartlegging for å vurdere individuelle tiltak. Vi vil nytte observasjon i situasjoner som måltid og leik, samt munnmotoriske undersøkingar med barnet. Vi vil kunne be om løyve til å filme for evaluere i etterkant, og rådgjeving internt i teamet. Film er og nyttig for rettleiing av barnehagepersonell og føresette som skal gjennomføre den daglege treninga.
- Førebyggjande arbeid inn mot barnehagar, gjennom kunnskapsdeling og rettleiing.
Korleis kome i kontakt med teamet?
Fyll ut meldeskjema til munnmotorisk team. Barnehagen og helsestasjonen kan hjelpe til med utfylling.
Publisert 06.02.2020 08:05