Siste samling for Masterplan reiselivsutvikling

Siste samling i arbeidet med Masterplan for reiselivsutvikling i Ørsta/Hjørundfjorden. Tredje og siste samling vert i Bakketunet på Bjørke tysdag 27. juni kl 16-20. Kom gjerne og sei di meining!

Konsulentfirmaet 2469 Reiselivsutvikling har på bakgrunn av innspel og samlingane så langt laga utkast til Masterplan.
 

”Masterplan produktutvikling reiseliv" er utvikla i regi av Ørsta kommune i ein felles prosess med reiselivsaktørar i Ørsta. Planen tek for seg dei produktutviklingstiltaka som på kort og lang sikt kan gi auka verdiskaping for aktørar i reiselivsnæringa og i tilgrensa næringar i Ørsta-regionen.

Det har våren 2017 vore gjennomført 3 arbeidssamlingar med næringsaktørar, kommune og verkemiddelapparat. Her har det vore arbeidd med oppgåver knytt til produktidear, prioriteringar og innspel. I tillegg har mindre idégrupper, organisasjonar og privatpersonar kome med mange gode innspel. .
 
Du kan sjå samandrag av masterplanen her og heile utkastet til masterplanen pr 23.06.2017 her.
 
Kom gjerne med innspel, enten på samlinga på Bjørke eller på epost til postmottak@orsta.kommune.no eller på kommunen si facebook-side.
 
Arbeidet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Norge og Ørsta kommune
 
 

Følg oss