Beredskap i Ørsta

Kjelde: dsb.no/egenberedskap - Klikk for stort bileteKjelde: www.dsb.no/egenberedskap  
Viktige telefonnummer

BRANN   110
POLITI   112
AMBULANSE   113

LEGEVAKT   116 117
TEKNISK VAKT   900 49 760
BRANNVAKT   911 22 820


Beredskap i det daglege for deg som innbyggar

Tenk over kva du skal gjere ved orkan eller storm, store nedbørsmengder/flaum, langvarige straumbrot, branntilløp og andre ulukker. 

Det er viktig å vere budd på ekstremvèr og moglege følgjer i timane og dagane etter. Feil på elektrisitet, tele, data og vassforsyning kan få mykje større konsekvensar i dag enn for nokre år sidan.  

Skriv ut og les meir i vår brosjyre, så har du den liggande om straumen går:

Beredskap i heimen   Råd om eigenberedskap (DSB)

 

Ansvar

Kommunen er ein viktig samfunnsaktør og arbeider med beredskap på mange måtar. Arbeidet for trygge lokalsamfunn gjeld alt i frå analyse/kartlegging/planverk/forebygging/planlegging (t.d. arealbruk/bygg), tryggingstiltak (t.d. trafikksikring, skredvoll, flaumsikring), ulykke- og krisehandtering (t.d. brann/redning, kriser) og kontroll/tilsyn/evaluering/økonomiplan/budsjett.

Samla sett bruker kommunen slik store ressursar på beredskap, som også er ei lovpålagt oppgåve både når det gjeld planverk, risikovurdering/ROS (risiko- og sårbarvurdering), organisering, strategi-/oppfølgingsplan og øving (jf. Lov og Forskrift om kommunal beredskapsplikt).

 

Beredskapsapparat og einingar

Det publikum kjenner mest til i kommunen sitt beredskapsapparat er brann og redning, som har døgnvakt/brannbefal (telefon 911 22 820) og er ei operativ eining som samhandlar tett med naudetatane (politi/ambulanse). Også helsetenester og legevakt har operative funksjonar, samt teknisk vakt (telefon 900 49 760.)

 

Kriseleiinga

Dersom det skjer større uønska hendingar eller hendingar med stort informasjonsbehov (t.d. skred, dødsulykker, uavklarte redningsaksjonar ol), blir kommunen si kriseleiing samla. Dette kan vere heile kriseleiinga eller delar av kriseleiinga, alt avhengig av kva situasjon som oppstår. Det er ordførar eller kommunedirektør som avgjer om kriseleiinga skal samlast. Kriseleiinga styrer kommunen si overordna handtering av større kriser, som regel i tett samråd med politi. I enkelte situasjonar vil også Statsforvaltaren vere involvert.

Ved dødsfall eller andre alvorlege kriser har kommunen eit psykososialt kriseteam (også omtalt som omsorgsgruppe) som kan bli nytta i starten av slike situasjonar. Då vil det bli utpeikt ein kontaktperson i kommunen, og etterkvart vil oppfølging lagt inn i ordinær tenesteorganisering, vanlegvis helse/omsorg.

 

Planar og jamnleg øvingar

For å vere godt budd på krisesituasjonar har kommunen ulike planverk og gjennomfører jamnleg øvingar. Dette gjeld både dei operative einingane, kriseleiinga og andre kommunale teneste-einingar (t.d. skule og barnehage).

 


 

 

Flytskjema for varsling ved krisehendingar

 

"Du er ein del av Noreg sin beredskap"

DSB med kampanje for å betre folk sin eigen beredskap. sikkerhverdag.no, gir deg gode tips om kva du kan gjere for ein sikrare kvardag. Du kan også følge Sikkerhverdag på facebook: facebook.com/sikkerhverdag

Tema for nettsida, ser du på biletet under:

Skjermkutt: www.sikkerhverdag.no

 

Kontakt

Ingeborg Myklebust Bjørneset Konsulent
90857242
@ Ingeborg Myklebust Bjørneset