Elvar og mindre bekkar kan brått frakte større mengder med sørpe, vatn og is i dagane framover.
Store nedbørsmengder og kraftig snøsmelting gir fare for ekstremver onsdag og torsdag.
NVE har heva farenivået til raudt med stor fare for sørpeskred, flaumskred og jordskred. I tillegg blir det stor snøskredfare, nivå 4.
Hald sluk og rister frie for is og snø!
– Ørsta kommune har gjort forebyggande tiltak, og har tilsette i beredskap for å hjelpe teknisk vakt dersom det trengst, uttaler assisterande kommunedirektør Eldar Øye. – Men folk må gjerne hjelpe til med å halde sluk og rister frie for is og snø nært der dei bur, og generelt vere varsam og årvåkne desse to dagane. Ver spesielt merksam på at elvar og mindre bekkar brått kan frakte større mengder med sørpe, vatn og is.
Ver budde på straumbrot
Uveret kan føre til at straumen blir borte, så ver budde på straumbrot.
Du finn gode råd i brosjyra om Beredskap i heimen.
Sjå også informasjonssida om beredskap (lenke lenger nede).
Unngå unødig ferdsel
Med dei forholda som er under ekstremvêret oppmodar vi om å unngå all unødig ferdsel over Standalseidet og langs Hjørundfjordstranda, då desse strekningane er skredutsett.
Skular og barnehagar
Oppmøte på skular og barnehagar som normalt, så lenge vegar med skuleskyss ikkje vert stengde.
Varsel om ekstremvêret Gyda frå Meteorologisk institutt og NVE
Varsel om regn
Varsel for Møre og Romsdal
Nivå: Raudt - ekstremt mykje regn
Gyldig frå torsdag 12.01.2022 kl. 13.00
Sjå varsom.no for meir informasjon
Varsel om jord-, sørpe- og flomskredfare
Varsel for store deler av Sør- og Midt-Norge
Nivå: Raudt
Gyldig frå torsdag 12.01.2022 kl. 07.00
Svært mange jord-, sørpe- og flomskred er forventa
Sjå varsom.no for meir informasjon
Nedbørsprognosar frå MET - ekstremvêret Gyda
Telefonliste
- BRANN 110
- POLITI 112
- AMBULANSE 113
- Legevakt 116 117
- Teknisk vakt 900 49 760
Satellitt-telefonar
I samband med ekstremvêret som er meldt har vi ute satellitt-telefonar. Ved utfall av mobilnettet kan desse kontaktpersonane ha kommunikasjon til/frå Ørsta
- Sæbø brannstasjon - kontaktperson Øyvind Taklo
- Øye branndepot - kontaktperson Ronny Norangshol
- Skyssbåten på Hjørundfjord
Andre lenker
Informasjonsside om beredskap for Ørsta kommune
Varsom.no – Flaum- og jordskredvarsel
Met.no – Meteorologisk institutt – Ver- og farevarsel
NVE – Noregs vassdrags- og energidirektorat
Statens vegvesen
Bilete frå ekstremvêret