Eigenberedskap

Bilde med teksten: Eigeberedskapsveka, har du eigenberedskapen på plass? Ikkje la det bli med tanken. - Klikk for stort bilete Ørsta kommune


Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst sju døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?

Eigenberedskap-stand på Alti tysdag 29. oktober 12.00–16.00 

Der kan du få meir informasjon, brosjyre og bli med på konkurranse med flotte premiar.

Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i sju dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst sju døgn.


Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?

Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.


Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Er du forberedt om noko skulle skje? Ta testen til dsb på forberedt.sikkerhverdag.no

Dette bør du ha i samla ein trygg stad i heimen din: 

Drikkevatn - Oppretthald væskebalansen ved å ha tre liter vatn per person til drikke og matlagning, per døgn.  - Klikk for stort bilete
Førstehjelpsskrin - Ha utstyr til å kunne håndtere lettare og eventuelle større skader til du får hjelp. - Klikk for stort bilete
Lommelykt/haudelykt - Du treng ei god lykt for å kunne ta deg fram på ein trygg og effektiv måte når straumen er vekk.  - Klikk for stort bilete
Fyrstikker og stearinlys - Skap ein hyggeleg stemning i stova med levande lys når huset er mørkt.  - Klikk for stort bilete
Landtidsholdbar mat - Vi anbefalar eit lager som tilsvara tre dagar forbruk for husholdninga.  - Klikk for stort bilete
Stormkjøkken og ekstra gas - Om straumen går treng du ei alternativ varmekjelde til mat og varm drikke. - Klikk for stort bilete
Varme klede - Huset blir fort kaldt om straumen går. Då er det godt med tjukke gensera og sokkar.  - Klikk for stort bilete
Varme pledd/sovepose - Å halde varmen er viktig.Ha nokre ekstra pledd i skapet for kalde dagar.  - Klikk for stort bilete
Kontantar - I ei krise er det ikkje sikkter bank- og betalingsterminalane fungerar. Ha nokre kontantar liggjande heime.  - Klikk for stort bilete
Verktøy - Du bør ha hammar, spikar, multikniv og gaffateiptil små reperasjonar, om noko skulle bli øydelagt i ekstremvêr. - Klikk for stort bilete
Alternativ varmekjelde - Hald varmen med ved-, gass- eller parafinomn. Ein god hugseregel for vedomn er 30 liter ved per døgn.  - Klikk for stort bilete
Medisinar - Er nokon i familien avhengig av medisiner? Oppbevar eit minimumslager av medisinane for 72 timers bruk. - Klikk for stort bilete
Naudladar - Hald mobilen opplada med batteridreven mobilladar og/eller UDB-ladar til sigarettenneruttak i bil. - Klikk for stort bilete
Brannsløkkjar - Sørg for at du kan sløkkje mindre brannar/branntilløp på eigahand.  - Klikk for stort bilete
Radio med batteri - Hald deg orientert. Ha ein DAB-radio i huset - og still den inn på NRK P1 for å få viktig informasjon. - Klikk for stort bilete
Personleg hygiene - Toalettsaker, handsprit, munnbind og søkkelsekka (til nødtoalett) til nødvendig hygiene. - Klikk for stort bilete
Boksopnar - Viktig å ha fir å kunne lage måltid med hermetikkmat.  - Klikk for stort bilete

 

Vurder om du treng dette også

Om du har baby: Vurder behovet for babymat, morsmelk-erstatning, bleier, våtserviettar, m.m.  
Om du har kjæledyr: Mat og vatten til dyret. 
Personlege dokument: Kopiar av pass, førerkort og kontaktlister – digitalt og på papir. 
Jodtablettar: Til barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande. Kjøpast på apoteket og takast etter råd frå myndigheitene.  
Andre ting som kan vere hyggelege å ha er brettspel, godteri/snacks og leiker/kosebamse. 

 

Kart over offentlege tilfluktsrom i Ørsta

1. Vikegata 17 — 2. Dalevegen 24 — 3. Torvmyrane 5 — 4. Langemyra 2


 

Brosjyre

Gode kjelder til informasjon under ei krise