Koronavaksinasjon er fortsatt ein viktig del av regjeringens strategi og beredskapsplan for Covid-19 pandemien. Det er forventa ei ny smittebølge og nokre i den eldre aldersgruppa fekk dose 4 i sommar/tidleg haust 2022.
FHI anbefaler derfor aldersgruppa 75 år og eldre, i tillegg til sjukeheimsbebuarar, om å ta ei ny oppfriskingsdose; altså dose nr 5. Det er spesielt anbefalt ei ny dose til dei, i denne gruppa, som ikkje har gjennomgått Covid-19 infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.
Intervallet bør vere 6 månadar sidan førre dose, men kan takast med minimum 3 månaders intervall. Er du usikker på når du fikk førre dose, ta kontakt med helsestasjonen på 94 16 78 48, open måndag–fredag, kl. 09.00–15.00.
Alle som ynskjer dose 5, bør prioritere å få tatt denne i løpet av april månad og i den forbindelse har vi sett opp ekstra vaksinasjondagar.
Datoar
Torsdag 27. april, kl. 13.00–15.00
Torsdag 25. mai, kl. 13.00–14.00
- Torsdag 29. juni, kl. 13.00–14.00
Stad
Vaksinasjonen blir ved Ørsta Helsestasjon (Velferdshuset) og det blir ikkje timebestilling, men berre å møte i oppsett tidsrom. Ein må derfor kunne påregne litt ventetid ved stort oppmøte.