I vårt område er det to parti under døgnkontinuerleg overvaking:
Kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Ørsta og Ålesund er med i Åknes Tafjord Beredskap IKS (ÅTB). Føremålet er å drive og vedlikehalde befolkningsvarslingssystem, og støtte eigarkommunane med beredskapsplanlegging.
NVE
Norges vassverk og energidirektorat (NVE) har ansvaret for overvakinga av dei ustabile fjellpartia. Overvakinga av Åkneset og Hegguraksla skjer ved hjelp av måleinstrument som er plassert ute i fjellet med overføring av måledata til senteret på Stranda.
Det ustabile fjellpartiet Åknes har forholdsvis stabil rørsle, 8–9 cm pr. år i den mest aktive delen. Men målingane viser variasjonar over året med noko høgare hastigheit i periodar med mykje nedbør, og lågare hastigheit i tørre periodar. Hegguraksla har ei stabil utvikling med berre marginale rørsler, under éin mm i året.
Drenering
Det har vore eit fireårig prosjekt for å greie ut om drenering er eit aktuelt tiltak for å redusere sannsynet for eit skred. Konklusjonen er at det sannsynlegvis vil ha effekt.
Det finst fleire alternative løysingar, og den beste løysinga synes å vere basert på tunnel.
Stortinget gjorde i desember 2021 einstemmig vedtak der dei bad regjeringa sikre at det vert utarbeidd ein plan. Vi ventar på at det skal løyvast midlar til prosjektet for å kome vidare.
Befolkningsvarsling
Alle som oppheld seg i området får SMS-varsel ved endring av farenivået. Åknes/Tafjord IKS har bygd opp sitt eige system. Dei sentrale styresmaktene har i samarbeid med mobilaktørane nyleg etablert eit nytt system for nødvarsel til befolkninga: www.nodvarsel.no.
Vi vil undersøkje om dette kan vere eit alternativ til det som blir brukt i dag.
Lokal beredskap
Grunnberedskapen er på plass for å ta vare på liv og helse. Fokus framover er å planlegge for tida under og etter evakuering.
Vi vil peike på at vi bor i eit svært trygt område der vi blir passa på døgnet rundt. Vi veit at overvakinga og varslinga fungerer, vi veit at vi vil ha god tid til å detaljplanlegge den dagen rørslene ev. aukar, og vi veit at det er eit stort apparat som då vil bli sett i verk for å ivareta situasjonen på best mogleg måte.
Eigenberedskap
Det er likevel viktig at kvar og ein, både privatpersonar og næringsliv, tenker over sin situasjon i eit slikt scenario.
Planverk
Det er bygt opp eit regime når det gjeld beredskapsplanverk for fjellskred:
Nasjonalt planverk
Nasjonal plan med overordna føringar, vedteken i 2015.
Regionalt planverk
Objektplan Åkneset, vedtatt i 2016
Objektplan Hegguraksla, vedtatt i 2016
Lokalt planverk
Interkommunal konsekvensanalyse (PDF, 2 MB), vedtatt i alle involverte kommunar
Aktørplan – generell del
Aktørplanar – flytting av verksemder (alle kommunane har eigen plan)
Aktørplanar – samordning av tiltak (alle kommunane har eigen plan)
Andre ressurssider
Rapportar som er samla på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine nettsider
Kart over fare- og evakueringssonene (klikk på "samfunnssikkerhet" og "fjellskred MR" i menyen til venstre)
Faktaark frå NVE om store fjellskred
Kraft og skredsenteret i Tafjord
DSB: Risikoanalyse av varsla fjellskred (2016)
FylkesROS, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Historikk
Er du interessert i historikk, kan du lese om Tafjordulykka og Loenulykka på Geo365.no.
Har du behov for meir informasjon, ta kontakt med servicetorget i di kommune så hjelper dei deg til rette vedkomande.