Arrangement / overnatting

Har du planar om arrangement, utstilling, førestilling, møte eller andre tilstellingar skal du i god tid før arrangementet melde frå til brannvesenet, dersom arrangementet skal haldast i eit byggverk eller på eit område som ikkje er godkjent eller regulert til denne typen bruk. For eksempel jordbruksareal eller park nytta til konsert eller festival camp, skular eller andre bygg nytta til overnatting.

Ved melding om arrangement eller overnatting kan kommunen krevje dei opplysningar som er naudsynte for å vurdere faren for brann og fastsette dei naudsynte brannsikringstiltak og avgrensingar, irekna krav til ansvarshavande arrangør. Jf. Brann- og eksplosjonsvernlova § 7.

Ørsta brann og redning er verken godkjenner eller gir løyve til slike arrangement/overnattingar, men skal ha melding. Dette er eigar sitt ansvar.

Melding om overnatting

Har du planar om overnatting på område eller i bygning som ikkje er godkjent overnattingsstad eller campingplass, må du melde frå til oss. Meldinga bør sendast minimum 2 veker før overnattinga skal skje.

Dersom det ikkje er fulldekkande brannalarmanlegg i bygget, må det vere montert røykvarslar i rømmingsvegar og dei rom som nyttast til overnatting.

Mellombels campingplassar/ festval camp må ha tilsvarande sikkerheitsnivå som ein normal campingplass, jf. Teknisk forskrift § 11-6 punkt 7 og kapittel 10 i rettleiar for tryggleik ved store arrangement. Det betyr minimum 4 m mellom camping einingar og 40 telt pr. 1000 m2 for festivalar og 20 telt pr. 1000 m2 for familiearrangement.

Det skal føreligge ei risikoanalyse over arrangementet. I denne må blant anna følgjande forhold vere vurdert:

  • Kva kan skje? Kvar kan det starte å brenne? Kva gjer vi då?
  • Breide nok rømmingsvegar?
  • Behovet for opplæring til ansvarleg for rømmingsplanar og sløkking?
  • Behovet for våken nattevakt?
  • Tal ansvarshavande i forhold til tal overnattande
  • Kvar i bygget er den beste staden for overnatting?

 

Bruk gjerne Dagros (PDF, 2 MB) som utgangspunkt.
 

 

Melding om arrangement

Har du planar om arrangement, utstillingar, framsyningar, møte og andre tilstellingar i eit bygg eller på eit område som normalt ikkje brukast til denne typen arrangement må du sende oss ei melding.  Meldinga bør sendast minimum 2 veker før arrangementet.

Det skal føreligge ei risikoanalyse over arrangementet. I denne må blant anna følgjande forhold vere vurdert:

  • Kva kan skje? Kvar kan det starte å brenne? Kva gjer vi då?
  • Behovet for opplæring til ansvarleg for varsling, evakuering og sløkking
  • Behovet for ekstra vakthald
  • Behov for andre sikringstiltak
  • Festival camp/ mellombels campingsplass skal vere del av risikoanalysa

For meir info om tryggleik ved store arrangement sjå DSB sin rettleiar. Kapittel 2 tek for seg risikovurdering og kapittel 10 tek for seg overnatting og campingplass.

Arrangør skal ved alle arrangement informere alle deltakarar om rømningsvegar, sløkkeutstyr og anna informasjon som er relevant for branntryggleiken.

 

 


Send inn melding om arrangement/overnatting

Kontakt

Thomas Winther Leira brannsjef
90749112
@ Thomas Winther Leira