16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 3 på bruk av ulike typar brannvassuttak. Mange forbinder sikkert dette med den raud brannhydrant som står på bakken, men det finst fleire typar. Nokre er også plasser i kum og det finst fleire variantar av den bakkeståande. Det er viktig at vi jamnleg går over desse, slik at vi har kontroll på korleis dei fungerar.
21:04 Måndag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannmelding frå Bakkolamarka. Framme på staden kjem det fram at alarmen skuldast matlaging. Ingen brann.
20:25 Måndag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til utløyst røykvarslar i ubebudd leilegheit. Brannmannskapet gjennomsøkte bygget og resette røykvarslaren. Ingen brann.
21:25 Tysdag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til diesel lekkasje frå lastebil på Krøvelseidet. Brannmannskapet stoppa trafikken og fekk tatt opp dieselen frå vegbana.