16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Under trafikkulukke er det mange ulike situasjonar ein kan kome ut for, det er ofte kritisk å få dei forulukka fri så raskt som råd. Brannvesenet er derfor utstyrt med ei rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannmannskapet går derfor jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.
14:54 Måndag rykte ØBR ut til sotbrann i Barstadvika. Framme på staden vart sotbrannen sløkka, røykkanalen feia og sot teke ut. Etter dette kontrollerte brannmannskapet temperaturar i heile røykløpet. Feiaren skal tysdag ut å feie og kontrollere røykløpet for skader og ev. oppheve fyringsforbodet.
15:26 Måndag rykte ØBR ut til sotbrann i Bondalen. Framme på staden vart sotbrannen lokalisert, sløkka, røykkanalen feia og sot teke ut. Etter dette kontrollerte brannmannskapet temperaturen i heile røykløpet. Grunna høge temperaturar satt brannmannskapet vakt i ei periode etter at brannen var sløkt for å sjå til at temperaturane fortsette å synke.
Ein sotbrann oppstår når uforbrent materiale følgjer røyken opp i røykløpet, vert avkjølt og festar seg til sidene. Ved ei for stor oppsamling av dette tek det fyr og det oppgstår ein sotbrann. For å unngå dette er det viktig å fyre med tørr ved, god trekk og ikkje for store vedkubbar. Pass også på at kjøkkenvifta ikkje står på.
Røykkanal etter fresing av beksot