18:00 – 19:08 Onsdag øvde ØBR på overflateredning på is ved hamna i Ørsta sentrum. Det vart blant anna øvd på sjølvredning og redning av person som hadde gått gjennom isen. Ved personar i vatn rykker ØBR ut. I Ørsta har vi mange elver og ei lang kystline. Brannkonstablane i Ørsta har derfor kjennskap til redning både i elv og sjø med og utan is.
19:08 Onsdag rykte ØBR ut til Automatisk brannalarm frå Tine Meieri. På staden kom det fram at straumen var gått og at det var gått ein gassalarm. Brannvesenet gjorde derfor klar kjemikaliedykkarar og gjekk inn med gassmålar for å kontrollere etter lekkasje. Ved lekkasje av farleg stoff opprettar vi ei fare sone rundt lekkasjen som skal evakuerast for alle andre enn naudetatane. Politiet fikk i samband med dette sperra E39 forbi området. Etter kort tid hadde brannvesenet fått kontroll på alle som jobba på anlegget og bekrefta at orsaken til gassalarmen var straumbrotet. I slike situasjonar er det viktig at alle forheld seg til alarmen som om den er reell inntil den evt. vert avkrefta.
19:50 -21:30 – Øvinga fortsett etter hendinga for at alle brannkonstablane skulle få utbytte av øvinga.
16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Under trafikkulukke er det mange ulike situasjonar ein kan kome ut for, og det er ofte kritisk å få dei forulukka fri så raskt som råd. Brannvesenet er derfor utstyrt med ein rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannmannskapet går derfor jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.
Øving på overflateredning på is