Veke 11: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 08.03.22 – 15.03.22 18:00 – 20:00 Onsdag kveld øvde ØBR på brann i Bakk-Ola marka. Brannvesenet øvde på hending med brann i ventilasjonsrom i 2. etasje med to sakna. Ein øvde samhandling mellom brannvesenet og dei tilsette ved bygget, samt røykdykking. 21:00 Onsdag kveld rykte ØBR saman med Volda og Ulsteinvik brannstasjon ut til bilbrann i Eiksundsambandet. Tunnelen vart stengd og brannen sløkt. Personane i bilen var sjekka ut av ambulanse. 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farlig gods. E39 går gjennom kommunen og her vert det frakta stort omfang av farlige stoff som bensin, diesel, metan, Nitrogen, oksygen, natriumhydroksid for å nemne nokre av dei vanlegaste. Samtidig har vi mange verksemder i kommunen som enten nyttar farlege stoff som kjølemedium eller som behandlingsstoff i produksjonen. Med bakgrunn i dette har Ørsta brann og redning eigne kjemikaliedykkarar med utstyr for å kunne samle opp og tette lekkasjar i tankar med farleg stoff. Publisert av Ingvild Marie Taraldset Sist endra 06.01.2023 08:45