Veke 2: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 04.01.22 – 11.01.22 23:29 Onsdag kveld rykte ØBR ut til trafikkulukke på E39 Sør for Vartdal. På staden kjem det fram at det er ein einsleg varebil i grøfta etter viltpåkøyrsel. Brannmannskapet dirigerte trafikk og bistod med å få sjåfør ut av bilen som sto med helling. Politiet overtok fram til bilbergar kom. 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og kommunikasjon. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt og forståeleg ut, slik at ein får ut dei rette resursane så raskt som mogleg. 21:15 Søndag kveld rykte ØBR ut til trafikkulukke ved Flyplassen. Ein pesonbil inn i ein annan i ei utkøyrsle. Ambulanse tok hand om dei forulukka, brannmannskapet stoppa trafikken, sikra mot brann og rydda skadestaden etter at den var frigitt av politiet. 20:45 Tysdag kveld rykte ØBR ut til ei dame som hadde dåtte på isen utanfor bilen sin. Brannmannskapet hjelpte dama, rygga bilen på plass og hjelpt ho med varene før kjent kom på staden og tok hand om ho. Publisert av Øyvind Rødset Sist endra 06.01.2023 08:45