Veke 45: Nytt frå brannvakta Brann- og redningsloggen 01.11.22 – 08.11.22 18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 2 og 3 på trafikkulukke. Her måtte brannmannskapet frigjer person fastklemd under bil og frigjer person fastklemd inne i bil med bruk av hydraulisk klippeutstyr. Det var fokus på ivaretaking av pasient gjennom heile redningsaksjonen. 17:36 Torsdag ettermiddag rykte ØBR ut til trafikkulukke ved flyplassen. Ein personbil hadde kjørt av vegen i 70-sona og gjennm gjerdet til flyplassen. Brannmannskapet sikra skadestad og varsla flyplassen om hendinga. Forulukka vart teke hand om av helse. 18:00 – 20:00 Torsdag øvde brannmannskapet på Vartdal på trafikkulukke. Her måtte brannmannskapet frigjer person fastklemd inne i bil med bruk av hydraulisk klippeutstyr. Det var fokus på ivaretaking av pasient gjennom heile redningsaksjonen. 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av tauredning og sikringsutstyr. Det var øvd på trinsereduksjon og tauklatring. 16:45 – 20:30 Måndag kveld øvde brannmannskapet på Sæbø og Vartdal saman med Politi og helse på pågåande livstrugande vald. Her øver ein på å nøytralisere gjerningsperson og evakuering av skadde i fleire ulike senario. I hovudsak med eit der brann/helse kjem først og eit der Politi kjem først og brann/helse bistår med evakuering. Bilde frå øving på trafikkulukke. Brann og redning Bilde frå PLIVO-øvinga. Brann og redning Publisert av Ingvild Marie Taraldset Publisert 08.11.2022 08:58