Veke 9: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 22.02.22 – 01.03.22 08:07 Onsdag morgon kom brannvesenet rett opp i ei utforkøyring på Ose. Ein bil hadde køyrd av vegen opp på snøbaren og inn i ein lyktestolpe. Brannmannskapet sikra skadestad og meldte hendinga inn til 110-sentralen. Ingen personskade eller lekkasje. Bileigar tilkalla bergingsbil. Politiet overtok skadestad og brann returnerte. 18:00 – 20:00 Øvde innsattsleiarane og utrykkingsleiarane i ØBR på brann i batteri. Det kjem meir og meir batteri inn i heimane våre og i samfunnet rundt oss. Alt frå batteriet i mobiltelefonen, EL-sparkesykkelen og EL-bilen du har heime til ferjene på Festøya som har batteri tilsvarande nærmare 50 VW E-golf. Våre leiarar fekk her ei innføring i batterikjemi, farane med brann i det og prosedyre knytt til hendingar med det. Det var synfaring av to EL-bilar med opplæring i utkopling av høgvoltsbatteriet. Til slutt var det gjennomført nokre tabletopp øvingar med konkrete senareo. 23:20 Fredag kveld rykte ØBR ut til gasslukt i bustad i Ørsta sentrum. Gasslukta kom frå lekkasje i 5kg campingbehaldar. Gassbehaldar var flytta ut og hus lufta ut. 15:42 Måndag rykte ØBR stasjon Ørsta ut til sotbrann på Mo. Brannmannskapet kontrollerte røykløpet med varmekamera og tok ut sot. Ved visuell kontroll av røykløpet kjem det fram at soten var oppbrent og brannen sjølvslokt. 18:00 – 20:00 Tysdag kveld skal nokre av brannkonstablane øve på Stigebil ved stasjon Ørsta. Stigebilen har månge funksjonar og krev øving for å meistre. Bilen har eit handlingsrom som brannkonstablane må få kjenne på for å kunne få den opp raskt og kunne nytte den fult ut. Konstablane skal øve naudkøyring, oppstilling og tilkomst på eit utval bygg. Publisert 01.03.2022 09:54 Sist endra 06.01.2023 08:45