Beredskap for brann, redning og ureining.
Thomas Winther Leira
Ørsta brann og redning har stasjonar i sentrum, på Vartdal og Sæbø. I tillegg er det branndepot på Øye.
I Ørsta sentrum er det beredskapsvakt med 5 personar på vakt til ei kvar tid. Dei som ikkje har vakt vert utkalla og pliktar å møte om dei kan.I tillegg har vi samarbeidsavtaler med nabokommunane om gjensidig bistand ved større eller samtidige hendingar.
Førebyggjande brannvern
Brann kan førebyggjast, og dermed spare både menneskeliv og store materielle verdiar. Brannførebyggjande arbeid er eit nasjonalt satsingsområde. Informasjon, rettleiing, pålegg , branntilsyn og feiing skal hindre situasjonar som kan føre til brann eller andre uynskja hendingar.
Thomas Winther Leira
Dersom det først brenn, skal bygningskonstruksjon og materialval bidra til at skadeomfanget vert minst mogleg.
Brannførebyggjande avdeling har som hovudoppgåve å førebyggje brann og andre ulykker.
Førebyggjande verksemd kan vere alt frå synfaring og tiltak mot risikoobjekt, som t.d. kontrollar av utestadar og tilsyn på kjøpesenter og bedrifter, til informasjon til innbyggjarane om korleis dei sjølve kan førebyggje ulykker.
Ureining
Akutt utslepp av farleg stoff som kan medfør ureining av miljøet skal varslast til tlf.110.
Ørsta er ein del av eit interkommunalt utval mot akutt forureining. Samarbeidet heiter IUA Sunnmøre og Ålesund brannvesen KF er vertskap for dette samarbeidet. For nærare informasjon om det sjå: https://aabv.no/din-trygghet/akutt-forurensning/interkommunalt-utvalg-mot-akutt-forurensning-iua-sunnmore.30347.aspx
Thomas Winther Leira