Brannstasjonar og depot i Ørsta

Ørsta brann og redning dekkje Ørsta kommune og har tre brannstasjonar og eit branndepot. Ørsta brannstasjon, Vartdal brannstasjon, Sæbø brannstasjon og Øye branndepot.

Beredskapen består av deltidspersonell som til dagleg har andre jobbar og rykker ut til brannstasjonen/depotet ved hendingar. Ørsta brannstasjon er den einaste med vaktordning. Denne vaktordninga består av ein utrykkingsleiar og 3 brannkonstablar.

Ørsta har i tillegg ei overordna befalsvakt som dekkjer heile kommunen. Denne vakt består av ei rullerande vakt med 5 innsatsleiarar som er øvste leiar og skal styre innsatsen ved akutte oppdrag.